søndag 31. januar 2010

Kaldt!

- og så no som me trudde den verste kulden var over.

-17 grader i kveld. Det minkar stygt på veden no om dagane.

Då kan det passe å tenkje på hovudplagg:

We call them Pirates baby

Denne er strikka i Dale babyull, og passar til ein barsk eittåring.

We call them Pirates vaksen

Denne er i  finull, og var meint til min kjære. No er han ein ganske stor kar, så det spørst no korleis det går.

Mønsteret er We Call Them Pirates av Adrian Bizilia.

 

Stripa lue

Kanskje passar denne. Veldig gøy å strikke, så det blir nok fleire slike. Tenkjer meg litt tynnare garn – gjerne med fargeskift i. Då må eg legge opp fleire maskar, og strikke fleire omgangar i kvar kile.

Finske Mari Muinonen har ein fin vri på dette . Ho er også ein spennande strikkedesigner med mønstre som Sylvi på CV’en.

Tychus er designa av Brooke T. Higgins.

onsdag 27. januar 2010

Ein start

Her skal feirast konfirmasjon til våren.

Sjølv om konfirmanten vel det minst tradisjonelle løpet, så blir det veldig tradisjonell finstas. Som eldste jentebarnebarn, har ho fått overta mormor sin bunad.
Den er komplett med grøn silkeskjorte, noko som kun skal brukast av godt vaksne sognedamer, og slett ikkje av konfirmantar. Dermed må jenta få ny kvit skjorte.

Det er ingen veg utanom, no må jobben gjerast:

Ein start

Starten er litt famlande, for det er lenge mellom kvar gong eg broderer korssting.

 

Så får heller mitt eige skjorteprosjekt ligge litt lenger på vent. Eg har silkeskjorte, men kan godt tenkje meg ei kvit også, etter at mi eiga konfirmantskjorte krympa så gale i skåpet.

Smøyg og holbein

 

Det var gøy å sy smøyg – no er det ein del holbeinsaum som står igjen. Dette syr eg på skjortelin, så det krevst både konsentrasjon og godt lys. 

Holbein

 

Tolmod kjem også godt med. Premien blir ei sjeldan vakker skjorte – ein dag.

Draumen er å sy meg den rekonstruerte drakten, så kan konfirmanten etter kvart overta bunaden eg har no, om hennar skulle krympe i skåpet.

onsdag 20. januar 2010

10158

er talet på "Baby Surprise Jackets" på Ravelry akkurat no.

Mønsteret er ein ekte ‘68-modell. Genialt – og veldig gøy å strikke. Eg har gitt vekk ein heil del, og har alltid nokre på lur. Dei er strikka med knapphol på begge stolpane framme, så det er fort gjort å sy i knappar alt ettersom det er gut eller jente som skal få gåve.

Desse jakkane har fått meg til å endre syn på rillestrikk. No synest eg det er vakkert. Ta til dømes ein titt på denne.

BSJ 1

Denne er strikka i Viking Pure MILK Fiber, og ventar på knappar.

BSJ 1 med lue

Den vesle djevellua frå “Gros lille krok” passar veldig fint til. Snorene i lua er “Idiot Cord” strikka rundt på tre maskar og to pinnar etter Elizabeth Zimmerman si oppskrift.

BSJ 2

Denne er i Baby Silk

BSJ 3

- og det er den siste også.

Elizabeth Zimmerman var ein genial strikkedesigner med masse humor, og det er ei glede å lese strikkebøkene hennar. Sjekk dei sjølv, og start gjerne med denne.

mandag 18. januar 2010

Tøffe tøfler

Tova ull kan vere ganske vakkert, både i farge og struktur.

Raude tøfler

Her er dei vagla på sofaryggen i godt dagslys.

Blå tøfler

Eg har utstyrt meg med restar av Rauma finull, og Annie Eikenes si oppskrift frå Norsk HUSFLID 06/03. Dei går i vaskemaskin på 60 grader, med ein god slump grønsåpe. Her er meir restar, så etter kvart vert det fleire par gjestetøfler i spreke fargar. Akkurat passe tv-spøt, i motsetnad til sjal.

Hmm – ikkje verst til å vere fyrste runde med nye linsa.

fredag 15. januar 2010

Ny kompis

Kompis

 

Tja – me har så vidt rukke å helse på kvarandre. Denne vesle karen skal hjelpe meg å ta betre bilde utan blitz og stativ, håpar eg.  Som alltid i forhold, krevst det ein del innsats frå mi side også for at dette skal bli bra.

Drøymer om knivskarpe motiv med sløra, lekker bakgrunn. Time will show.

onsdag 13. januar 2010

Kvardagen har kome

Jula er rydda ut, og heimen fell tilbake på plass. Strikkeprosjekta kravlar fram att frå gøyma sine, og det er tid for toving av sokkar, blokking av sjal – og draumar om nye prosjekt .

 

Evelyn Clarke sitt "Flower Basket Shawl" er ein favoritt. Dette er mitt tredje.

Flower Basket Shawl

 

Nesten som spindelvev i Evilla 8/1 på tjukke pinnar.

 

 Flower Basket 2

Eg blokkar det vått med masse knappenåler på eit handkle, og ynskjer meg veldig blokkepinnar i stål. Det ser iallefall mykje enklare ut.

 

Her er mitt fyrste:

Flower Basket i alpakka

Det er strikka i tynn alpakka frå  Du store alpakka.

Og nummer to?  Det solgte eg på ei julemesse – endå eg hadde prisa det høgt for å få det med meg heim.