Viser innlegg med etiketten NQF. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten NQF. Vis alle innlegg

mandag 26. mars 2012

Årsmøtehelga i NQF

Det høyrest ganske kjedeleg ut – ikkje sant? Årsmøte er som regel tørre greier der ein kan risikere å bli valt til noko om ein stiller opp.

NQF er noko heilt anna: ei heil helg full av kurs, utstillingar, foredrag, quiltebutikkar, lotteri og ikkje minst: veldig mange quiltedamer. Blide, positive, inspirerande quiltedamer. Det kan nok vere at ein og anna mann også er der – og kanskje også quiltejenter – men stort sett er me vel i kategorien damer. Sjølve årsmøtet tek eit par timar, er heilt frivillig, og kan også vere ganske spennande når dei ulike fløyane går i klinsj.

 

Blå Bergen

 

Eg tok to dagar ferie for å få det meste utav byturen. Ja, for når me her i indre strok snakkar om by’n, så er det ikkje hovudstaden me snakkar om. Det er Bergen som er by’n for oss.

 

Bryggen2

Ny tråd Bergen      Må ha Bergen

 

Ofte når eg går på kurs, så melder eg meg på noko som er litt utanfor komfortsonen. Handsaum er ikkje typisk meg – men kan vere godt å kunne likevel. Ei innføring berre slik for å sjekke om eg er på rett spor, er grei å ha. Litt nye duppedittar vert det jo også på slike kurs. Berre tre stoffbitar vart det denne gongen. Dei vil gli fint inn i handsaumprosjektet eg starta på.

Ny sytråd må testast. Kanskje er den like bra som Aurifil –.

 

Gevinst Bergen

Eg kjøper alltid litt lodd på slike treff. Og jammen vann eg! Boka har eg sikla på på nettet, etter at eg såg dei fine kyrne til Mary Lou Weidman, så dette var midt i blinken. Heldige meg!

Det mest spennande med helga var kanskje quiltebloggerforumet. Eg melde meg på, for dette var eg nysgjerrig på. Eit veldig flott tiltak. Men etter kvart som datoen nærma seg, hadde eg både kalde føter og litt sommarfuglar. Det som starta som ein quilteblogg ser jo ut meir som ein strikke- og fotoblogg for tida. Kanskje er eg ikkje ein “ordentleg” quiltebloggar. Kanskje var det dumt å melde  seg på. Kanskje ville eg bli avslørt som “wannabee quiltebloggar”. Men kor gale kan det eigentleg gå på ein liten halvtime?

Eg angra ikkje  - det var ein super liten halvtime med Merete, Sølvi og ei overraskande stor gruppe damer som visst ikkje var så mykje meir “ordentlege” enn meg. Nokre av dei hadde jo ikkje eingong starta opp enno. Ein ting er sikkert: dette kan bli noko veldig bra, og kanskje kan yngre quiltebloggarar også finne ut at me har eit norsk quilteforbund som er for oss.

Gøy å få vere med på å forme dette vidare.

 

Bryggen1

Bryggen3

Litt fototid med ok lys vart det også. Inspirasjon til noko tekstilt, kanskje.

 

Shopping Bergen

Det som stod øvst på handlelista til denne turen, var slett ikkje quilterelatert, men veldig kjærkome. Skorne er alt tekne i bruk. Toppen var meir som snop å rekne.

Takk for ei fin helg, alle som var der. Eg har fått masse inspirasjon til meir quilting.