fredag 12. februar 2010

Sju roser

Det går framover – men ikkje så fort som eg hadde håpt.

There is progress - but not at the speed I was hoping for.

sju roser i februar

Hm – tru om det går an å utsette konfirmasjonsdagen?

Eg får heller satse på sprengjobbing i vinterferien. Då skal eg og konfirmanten vere luksusdyr på Marriott hotell i Doha, medan mannen må slave på jobben sin der.

Kor mykje og kor tildekka klede skal ein velje, tru?

Konfirmanten sine hotpants blir iallefall heime, det skal mor syte for.

 

Hm – wonder if Confirmation Day can be postponed –.

I will have to make an effort during the Winter break. Daughter and I are spending a week in luxury at Doha Marriott while the man is slaving away at his work there.

How much clothes to bring – and how covered up, I wonder?

I am making very sure that my daughter’s hotpants are staying here.

lørdag 6. februar 2010

Distraksjon

Bunadsaum er heilt ok – og må berre gjerast.
Men det manglar farge i eit svartsaumbroderi, stramt og lekkert som det er.

garnporno

 

Noro har kuren for dette. Ikkje fordi det er så mjukt og behageleg, og heller ikkje fordi det er spesielt godt å strikke med. Kun fordi det har så fantastisk flotte fargar!  Evilla og Kauni er heilt ok, dei – men Noro er meisteren når det er snakk om fargar.

No er spørsmålet om eg skal stripe desse fargane med kvarandre, eller stripe kvart nøste med like tynt einsfarga. Dei skal iallefall vere knesokkar, strikka frå tåa og opp.

Dersom eg broderer ei åttebladrose for dagen, så kan eg vel bevilge meg litt Noro til kvelden?

onsdag 3. februar 2010

Syskrin

Eg var nettopp innom Lynette Anderson sin blogg. Ho hadde sett verdas finaste syskrin, og meinte det var frå Østerrike. Lynette held til i Australia.

Det var noko merkeleg kjent med dette skrinet, om ein altså ser vekk frå dekormålinga på det:

I don’t usually blog in English, but today I am making an exception:

I just checked Lynette Anderson's blog, and she has a photo of the most beautiful old sewing box that probably came from Austria more than half a century ago.

It seemed strangely familiar to me, except for the folkart decorations:

Syskrin

Mannen i huset arva dette etter si farmor Fanny, som var sydame i Oslo. Også dette skrinet er, som Lynette skriv, fylt av gamle trespolar, måleband, knappar og nåler.

Det ho ikkje nemnde, er den svært framtredande lukta av møllkuler. Veldig kjekt å ha – og veldig kjekt at mannen tenkte på meg, og spurte om det var ok at han fekk dette.

 

The man of the house inherited this from his paternal grandmother, who was a seamstress in Oslo. This box is also filled with wooden spools, needles, ribbons, tapemeasures and buttons.

What Lynette mentioned nothing about, is a very distinct odour – of mothballs.

I am very happy to have this box, and also grateful that my husband recognized  that it would mean a lot to me to give it a place in our home.

mandag 1. februar 2010

Gult bidrag

Posten her går 14.30 på kvardagar. 14.20 var eg på plass med pakken min.

I dag var nemleg siste frist for å vere med på moroa. Det er det det handlar om – å vere med – gjerne heilt til Birmingham i august, saman med åtte andre gule.

Ein bitteliten forsmak er vel lov?

Gult