onsdag 21. august 2013

Heile løpet ut

Som tilsett i det statlege alkoholutsalget, er ei av dei kjekkaste oppgåvene mine å gje gode råd om vin til mat. Ekstra kjekt er det på sommaren, for då kjem brudepara.

I ei lita bygd som vår, så kjenner ein av og til desse som skal gifte seg – somme av dei så godt at ein har skifta bleier på dei ein gong i verda – og lese godnatthistorier.

Iallefall: no har eg fått oppleve å gi råd, bestille vinen, servere både mat og vin, smake maten (på kjøkkenet), og høyre tilbakemeldingane på mat og vin saman. Det einaste som mangla, var å få smake mat og vin saman. Det bør ein vel ikkje gjere når ein er amatørservitør - -.

Joardessert

 

Maten stod Joar Søhoel for – og var av det slaget eg kan drøyme om seinare.

mandag 19. august 2013

Smartare

- i alle fall på telefonfronten.

Eg greidde meg lenge med den gamle klapptelefonen, eg – men fekk altså ein smart ein i bursdagsgåve i sommar.

Etter fyrste turen i golvet, fann eg ut at den måtte ha eit “hus”.

 

Mobilhus

 

Akkurat to minutt tok det å skjære ut av ein rest og sy det saman. Og slik ser det ut og!

Tenk at ein quiltar kan gå rundt med noko slikt - -. Men det gjer nytten.

 

Det er mykje å sette seg inn i med dette vidunderet av ein telefon. Det viktigaste er no på plass, og frøkna har hjelpt meg i gang med Wordfeud.

Men som ho seier: “det der var veldig populært for eitt og eit halvt år sidan, det, mamma”.

Kva gjer vel det? Det er no eg kan vere med - og gøy er det. Skulle berre ynskje det fanst ein nynorskversjon.

 

Eg heiter Miranne på Wordfeud også, om du har lyst til å bryne meg.

Mobilhuset får eg kome tilbake til når eg har klekt ut den perfekte løysinga. Kanskje trengst ei hempe – og ei lita lomme til bankkort?