Viser innlegg med etiketten veske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten veske. Vis alle innlegg

torsdag 21. november 2013

Etter messa

- så er eg tre kjolar og tre vesker fattigare, og nokre kroner rikare. Når eg reknar saman, så er det sikkert eit tapsprosjekt i år – men det får så vere. Det er kos å få vist seg fram litt, og det er kos å jobbe intensivt med desse prosjekta i nokre veker. I år hadde eg også ei nyinnkjøpt skreddarsaks som gjorde jobben mykje enklare.

 

vesker messe

 

Eg hadde sydd seks vesker med makrofoto på. Det var lettare å selje blåbær enn småkryp. Rart – det er jo småkrypa som er flottast!

 veskefrontar

 

Ellers var der lett blanding av ting frå ulike produsentar:

Glas Anne Karin

Krus Anne Karin

Glas og porselen frå Anne Karin,

Elisabeth B Moen acryl

akrylmaleri frå Elisabeth,


Glas Wenche Torvanger

glas frå Wenche


Digigrafi Jonas Ravn Øhlckers

og digigrafitrykk frå Lars.

Der var bakst og spekemat, akvarellar og keramikk også.

Det einaste som mangla, var publikum. Me har fått oss nytt handlesenter i bygda, og eg reknar med at mange var der heller enn å gjeste marknaden i Hestetun gard. Slik er det no. Me prøver igjen neste år.

 

DSC_1036

Pinnane er i drift igjen, inspirert av fru Storlien. Det blir små djevlehuver med innstrikka perler. Desse er kjappe å strikke, og eg prøver både sidelengs og nedanfrå og opp.

DSC_1040

No treng eg berre å låne ein baby til å prøve dei på.

torsdag 17. oktober 2013

Best under press?

Jaudå, eg lever, i beste velgåande.

Treninga tok litt over for andre ting denne sommaren, så det var ikkje så mykje å blogge om. Det er vel ikkje nokon av dei som er innom her som har lyst til å lese om kor mange kilo stål eg klarer å løfte i ulike øvingar, eller kor mange poeng det vart i fjellgeit-konkurransen.
Eigentleg så trur eg at eg er best på restitusjonsbiten: god mat og slumring under ein quilt, medan eg legg planar for alt eg skal gjere når hausten kjem.

 

veskefrontar

 

Brått er hausten her, og det er snart messetid, og eg er litt bakpå med det meste – igjen.

Ein tur til by’n i førre veke gjorde godt. No har eg vaska og tørka stoff i fleire dagar, og fekk fylt på att med litt ulike materialar. Nokre vesker skal det bli – med “ekle kryp” på. Må berre kome over glidelåsskrekken igjen. Kjolar trur eg også eg skal få tid til – men heilt sikkert ikkje ti i år.

I dag har eg testa ut eit mobilveskemønster frå michellepatterns. Kanskje skal dei også få foto på seg?

 

mobilvesker

I allefall kan det no bli noko litt meir proft til min eigen telefon no.


russemarius

 

Forresten, når ein driv slik og restituerer seg, så går det heilt fint å strikke – og drikke te – og høyre på lydbok. Russegensaren til frøkna er klar, i god tid. Det er ein mariusgensar med rundfelling i berre to fargar. Eg brukte Drops sitt Merino extra fine, så den er kløfri rett på kroppen.  Dette garnet er litt tjukkare enn garnet i oppskrifta i Mariusboka, så eg gjekk ned ein storleik på masketalet, og det passa fint. Alpakka er altfor varmt for frøkna, og så er det ikkje akkurat spenstig.
Frøkna sjølv er litt medteken for tida, og har erklært at ho “skal aldri meir på russetur”. Det er nemleg slitsamt så lenge etterpå.

søndag 18. desember 2011

Selskapsveska er trekt!

 

selskapsveska2

 

Assistenten min er på juletrehogst, så dette vart fort og gale med kosteskaft – men altså:

Linveske quilta over det heile med gulltråd, innsydd litt organzarysj i ein ende, litt paintstick i motsatt ende, og med ein kort hank som låser veska over ein lengre hank.

Pent fora med feit sateng. 

 

  Selskapsveske5

 

Assistenten var innom og åt middag, og forsvann ut dørene med treningsklede og solkort.

Eg klarer fint å trekke aleine, eg:

 

Veske trekt

 

Sender du meg adressa di, Gudveig, så kjem det ein pakke i posten til deg.