tirsdag 19. juli 2011

Dei små gleder

Ein rask sjekk i isdisken på Mega i lunsjpausen i dag: heile fire boksar Dream lakris!
- så eg sikra meg sjølvsagt to med det same. Om det var Den raude tråden sitt detektivarbeid som gjorde susen, anar eg ikkje.

Uansett så feirar eg med eit kubilete. Denne fann eg på hytta i Jakob Sande-land:

Kumuggen



Og på jobb er det jo som alltid masse å pakke opp og få på plass i hyllene når det er tysdag.
Nokre kartongar er kjekkare å opne enn andre:



Denne er favoritten. Eg gliser kvar gong, eg.

Etterskrift 21.07:
I dag var det heile seks boksar Dream Lakris i disken på Mega. Dette lovar veldig godt for seinsommaren.

På torget stod ein jordbærseljar, så her skal det lagast jordbæris etter Den raude tråden si oppskrift. Lime istadenfor sitron, og sukrin istadenfor sukker. Trur det kan bli bra.

Kvelden 21.07:
Det vart veldig god is – beste hittil!

mandag 18. juli 2011

Siggyfeber

Eg beundrar verkeleg alle som syr sin eigen Baby Jane. Boka er på plass, saman med cd’en med alle blokkene klare for utskrift. Men eg vil det ikkje nok – vil ikkje binde meg til eit så stort prosjekt. Kanskje seinare.
I mellomtida kan eg planlegge korleis min Jane skal bli.

Min siggy

Ei av blokkene er eg veldig godt kjend med. D-13, også kalla Field of Dreams. Kanskje har eg sydd så mange som 400 no.
Dette er bytteblokka som går igjen i både dei to europeiske og det amerikanske Dear Jane-byttet.

Det var eit lite bytte i år, så eg dilla litt ekstra med blokkene mine.
Litt før ferien kom endeleg returkonvolutten i posten. Det er litt kjensle av julekveld å opne pakken med returblokker:

Siggy1  Siggy2

Maskinbroderte, pent stempla og fargelagde,

Siggy3  Siggy4

Siggy5  Siggy7

nokre eg har bytta med før,

Siggy8    Siggy10

nokre med herlege handteikna motiv, andre veldig planlagde,

Siggy12      Siggy11

nokre viser tydeleg kvar dei er frå,

Siggy6    Siggy13

nokre har ikkje skjønt reglane,

Siggy15

og nokre er yngre enn andre.

Vesparypa her i huset var 10 då ho sydde, stempla og signerte sine 136 blokker til det store Dear Jane-byttet i 2005.
Gjett om ho var stolt då returkonvolutten kom. Lei var ho også – så lei at ho ikkje har sydd mange stinga etter det.

Den ferdige quilten min var utstilt på Festival of Quilts i Birmingham i 2009. Eg var der, og jammen traff eg ei dame som fann igjen si eiga blokk. Gøy!

Festival 09

Om tre veker går turen til Birmingham igjen. Eg reiser aleine – og reknar med å treffe både gamle og nye quiltevener.

Kanskje treffest me?

Siste døgnet av ferien

sit eg nydusja og ser gjennom foto frå siste veka.

Vaskemaskina går igjen, og det hadde gjort godt med litt vind og tørt ver i morgo.

Mannen er lagt, vesparypa er i hus igjen, og eg legg meg med vakre minne.

 

Vannlilje1


Ei lita veke med godver på Vestlandet er langt betre enn sydenferie kvar det måtte vere!

mandag 11. juli 2011

Hurra for meg!

Pryd

 

Sein, fin frukost med fem overnattingsgjester. “Hurra for deg”, og triveleg lat feriemodus for alle.

Det er heilt ok å vere eitt år nærare femti. Eigentleg er det jo berre ein dag nærare, om ein ser slik på det.

lørdag 9. juli 2011

Vel heime

- og vaskemaskina går for fullt. Solkrem, sand og salt skal vekk.

Spleisebrød og G35 smakar ekstra godt på slike dagar.

Ferieminne er samla til seinare inspirasjon.

Klare til å verte henta fram når vinteren kjem.

Etter ein slik vinter, er symjeturar i Middelhavet nesten påkrevd.

Tidtrøyte under parasollen er viktig – like viktig som solkrem. Ikkje alle hudtypar er skapte for langvarig soling.

Både Old Norwegian – opplegg og luemodellen Windschief er testa. Ein kan jo ikkje berre spele Yatzy.

All inclusive?

Det er slitsomt å drive i restaurantbransjen på Kypros i desse dagar.

Turistane har nemleg bestemt seg for å ta all inclusive-pakker. Ikkje alle, men mange.
Så mange at det merkast. Fleire og fleire for kvart år, seiest det.

Har den pågåande tyrkiske “innkastaren” skote både seg sjølv - og alle andre i bransjen - i foten?

Er det slik kring heile Middelhavet? Held det på å vekse fram ein ny pakketurkultur?

Er den lokale tavernaen snart borte?