mandag 18. juli 2011

Siggyfeber

Eg beundrar verkeleg alle som syr sin eigen Baby Jane. Boka er på plass, saman med cd’en med alle blokkene klare for utskrift. Men eg vil det ikkje nok – vil ikkje binde meg til eit så stort prosjekt. Kanskje seinare.
I mellomtida kan eg planlegge korleis min Jane skal bli.

Min siggy

Ei av blokkene er eg veldig godt kjend med. D-13, også kalla Field of Dreams. Kanskje har eg sydd så mange som 400 no.
Dette er bytteblokka som går igjen i både dei to europeiske og det amerikanske Dear Jane-byttet.

Det var eit lite bytte i år, så eg dilla litt ekstra med blokkene mine.
Litt før ferien kom endeleg returkonvolutten i posten. Det er litt kjensle av julekveld å opne pakken med returblokker:

Siggy1  Siggy2

Maskinbroderte, pent stempla og fargelagde,

Siggy3  Siggy4

Siggy5  Siggy7

nokre eg har bytta med før,

Siggy8    Siggy10

nokre med herlege handteikna motiv, andre veldig planlagde,

Siggy12      Siggy11

nokre viser tydeleg kvar dei er frå,

Siggy6    Siggy13

nokre har ikkje skjønt reglane,

Siggy15

og nokre er yngre enn andre.

Vesparypa her i huset var 10 då ho sydde, stempla og signerte sine 136 blokker til det store Dear Jane-byttet i 2005.
Gjett om ho var stolt då returkonvolutten kom. Lei var ho også – så lei at ho ikkje har sydd mange stinga etter det.

Den ferdige quilten min var utstilt på Festival of Quilts i Birmingham i 2009. Eg var der, og jammen traff eg ei dame som fann igjen si eiga blokk. Gøy!

Festival 09

Om tre veker går turen til Birmingham igjen. Eg reiser aleine – og reknar med å treffe både gamle og nye quiltevener.

Kanskje treffest me?

3 kommentarer:

BodilE sa...

Utrolig vakker Quilt du hadde laget! Og et fint konsept som jeg ikke har hørt om før, dette må jeg finne ut mer om.
God tur til Birmingham, skal du stille ut der i år også?

Miranne sa...

Takk for gode ord, Bodil. Søker du på "siggyquilt" på webshots, så får du mange fine treff. I år stiller eg ikkje ut noko. Skal heller ikkje på kurs denne gongen, men på fleire foredrag. Gledar meg!

gletting sa...

Hei Marianne!Takk for sist! Jeg kan heller ikke bli med til Birmingham selv om jeg hadde lyst. men jeg må skrive til deg og si at du er så flink til å sy, jeg blir helt imponert. jeg hjalp broren min med å klippe av ei olabukse og falle kanten sånn at det blei en shorts. Det er mitt forhold til symaskinen. Da jeg var ung og trengte klær, sydde jeg masse. Vi har vært i ØÅ i dag, men jeg så ikke deg! SES! Hilsen Grete