onsdag 21. juli 2010

Sognaspesialitet

Når ein tømmer kameraet sitt, så kan det dukke opp uventa ting.

Ein marskveld på museet lærte me meir om leggsaum. Ein applikerer ullstoff på ullstoff, og skaper prydnad på bringeklutar, dåpsluer og lommer – både lauslommer og innerlommer.

Mykje av dette finn me berre på museet i dag, men noko av det lever enno: broderiet nede på bunadstakken vår er sydd slik. Akkurat denne måten å applikere på er visst heilt spesiell for Sogn. Dei minner meg om quiltemotiva frå Hawaii.

 

Ifølgje Bjørg Hovland denne kvelden, så gjekk bringekluten ut av bruk før sognebunaden kom – ja, til og med før den perioden den rekonstruerte drakta er frå. Iallefall innom Vik. Altså kan me ikkje ikle oss dette her i indre strok, og samstundes vere historisk rett kledde. Og det er vel heile poenget med å kle seg i ei historisk drakt?

Men i  denne artikkelen fortel Bjørg oss noko anna: bringekluten var i bruk i perioden den rekonstruerte drakten er frå, nemleg fyrste halvdel av 1800-talet. Dette er dokumentert. Eg undrar meg litt over dette her.

Korleis det no enn er, så er det sognebunad eg har, og det blir nok ikkje bringeklut til den.
Eg kan jo øve meg litt på leggsaum likevel, og sy den lekre nåleputa eg snopa meg materialpakke til.

Sogn bunadnettverk er eit positivt tiltak, og me ser fram til fleire spennande kveldar på museet i deira regi.

tirsdag 20. juli 2010

Ferieparadis

Hytte med utedo, morgonbad i vatnet rett nedom hytta - reiseradio på morgonen, ellers stille. Mobildekning på næraste haug bak hytta. Hjortefar overalt.

Padder, skjegglav, soldogg – blåbær i rikt monn. Kven treng vel “sydenlandet”?

 fangst dagens fangst 

Tilgang til båt og kano – padletur mellom vassliljer i måneskin om det lagar seg slik.

Dorging etter aure gjev råstoff til store middagsopplevingar.

Aure

Der finst også røye og ål, men skal ein få det, må ein fiske litt annleis enn me gjorde no.

Kanskje har du lyst til å prøve auremåltidet vårt:

røyk auren i Abu-røyken,
server med potetlefse, gravlakssaus, raudløk, purreløk, kokte egg, rømme, flaksalt, svart pepar – og server ein god kvitvin til. Snadder!

fredag 16. juli 2010

Styggpen

Somme ting er så stygge at dei vert pene – på sitt vis.

konsentrasjon    Ny dress

Ingen vits i å kamuflere seg når ein køyrer svart sykkel, tenkjer eg. Eg treng nok all merksemda eg kan få i trafikken.

Endeleg køyredress og hjelm

“Det er no måte på alt!” seier han eg bur med – og knipsar nokre bilde berre for å vise meg. Litt spent på kommentarar frå quiltedamene er han nok også. Dei skal jo ha estetisk sans.

fredag 9. juli 2010

Gamal?

Eg undrar meg over dei unge. Eit sikkert teikn på at eg ikkje er det lenger. Verre blir det – alt på søndag.

Undringa er over noko så konkret som markjordbær. Ser ikkje ungane bæra lenger? Veit dei ikkje kva det er, eller korleis det smakar? Er  det ingen som har tid til å vise dei det lenger?

 

Akkurat desse knipsa eg på Ytre Moa, men det lyser raudt-i-raudt langs gangstien vår for tida. Eg er like forundra kvar dag eg går forbi, for ingen plukkar dei – andre enn meg.

Då eg var lita, plukka bestefar markjordbær til bursdagsbløtkaka mi. Han hadde sine eigne stader, og var lettbeint som få. Smaken hugsar eg enno. Kanskje tek eg ein tur med bærkopp søndag – medan mannen søv ut etter nattskiftet.

Det står eit skilt ved jordbærstaden på Ytre Moa:

Det er vel greit å plukke bær der? Heiter det ikkje fornminne, forresten?

Bæra veks midt oppi tuftene. Eg trør varsamt.

Tenk å ha så fint turterreng rett utfor døra.

Rett nok må ein klatre litt for å kome dit.