Når ein tømmer kameraet sitt, så kan det dukke opp uventa ting.
Ein marskveld på museet lærte me meir om leggsaum. Ein applikerer ullstoff på ullstoff, og skaper prydnad på bringeklutar, dåpsluer og lommer – både lauslommer og innerlommer.
Mykje av dette finn me berre på museet i dag, men noko av det lever enno: broderiet nede på bunadstakken vår er sydd slik. Akkurat denne måten å applikere på er visst heilt spesiell for Sogn. Dei minner meg om quiltemotiva frå Hawaii.
Ifølgje Bjørg Hovland denne kvelden, så gjekk bringekluten ut av bruk før sognebunaden kom – ja, til og med før den perioden den rekonstruerte drakta er frå. Iallefall innom Vik. Altså kan me ikkje ikle oss dette her i indre strok, og samstundes vere historisk rett kledde. Og det er vel heile poenget med å kle seg i ei historisk drakt?
Men i denne artikkelen fortel Bjørg oss noko anna: bringekluten var i bruk i perioden den rekonstruerte drakten er frå, nemleg fyrste halvdel av 1800-talet. Dette er dokumentert. Eg undrar meg litt over dette her.
Korleis det no enn er, så er det sognebunad eg har, og det blir nok ikkje bringeklut til den.
Eg kan jo øve meg litt på leggsaum likevel, og sy den lekre nåleputa eg snopa meg materialpakke til.
Sogn bunadnettverk er eit positivt tiltak, og me ser fram til fleire spennande kveldar på museet i deira regi.

3 kommentarer:
Dette så skikkelig spennende ut. Kjekt at dere fikk se og høre historien bak.
Veldig spennende..er dette museet i Lærdal? Synd disse bringeklutene ikke kan brukes i nåtid, det var jo synd.. Kanskje noen kunne komponere en drakt hvor bringekluten er inkludert, det er jo så populært med nyskapning av drakter nå for tiden...
OK, misforsto litt...
De Heibergske samlinger, ja. Jeg har vært i Kaupanger i 5 uker i sommer...
Legg inn en kommentar