lørdag 24. april 2010

Montering

Ja, skjorta er ferdig.
Då gjenstår berre resten –.

Konfirmanten er svai i ryggen, og litt høgare enn mormor, så litt tilpassingar må til. Tråkling, prøving, endring – meir tråkling - - -. Det blir vel bra til slutt.

Stor rose

Er det ikkje ein flott brokade, med mykje gulltråd og stort blomstermotiv i ryggen?

Prøving

Me prøvde alt saman på i dag – og det ser bra ut så langt.

Kanskje snart på tide å vaske og stæsje heimen, bestille mat, stryke dukar – ja, alt det som ikkje er så gøy som bunad. Mannen er i gang med mosefresing, og kan sikkert lokkast til litt nødvendig beising også, slik etter kvart.

søndag 18. april 2010

Rapport frå bobla

Slik kjennest det, iallefall. Det som betyr mest no, er bunad og vårteikn.

Vårregn2

Vårregn gjer underverk i beda -

 Monsterrabarbra

og gjev artige effektar på linsa.

 Vårregn

Den raude der er ein av souvenirane frå Schiphol.

 

Erme

 

Ellers er skjorta sydd og linningane komne på. Alt som manglar akkurat no, er to små trykknappar. Det fiksar eg før eg legg meg.

 

Linning på

Hurra!!!

mandag 5. april 2010

Za’tar

På sjølvast vetlejulafta fekk eg levert za’tar på døra. Frå Jeriko. Kanskje den beste julegåva eg fekk.

Det er tanken som tel – men også smaken.

I januar fekk eg meir za’tar. Denne gongen frå Libanon. Via Qatar.
Den libanesiske er fantastisk intens i både smak og lukt. Mmmmm. Så var den visst også av aller beste sort, forstod eg.

Anissa Hanou's Mediterranean Street Food har denne oppskrifta på herlegheita:

2 parts powdered dried thyme
1 part sumac
1/2 part toasted sesame seeds
salt to taste

 

Korleis eg brukar det?

- blanda med god olivenolje, smurt på gjærdeig til horn med noko godt i svingane

- som dip til arabisk brød

- oppå butterdeig, steikt sprøtt i omnen

 

Libanesarane trur za’tar gjev eit vake sinn og ein sterk kropp, og startar gjerne dagen med man’oush, som er flatt, nysteikt brød med eit lag za’tar utrørt i olivenolje, på toppen.

Eg oppbevarer skattane mine i fryseboksen, i heilt tette boksar, og unner meg litt av og til.

Ingen andre her i huset likar det. Heilt ok for meg.

Ein stor kopp Earl Grey, gjerne frå Fortnum & Mason, med mjølk i, er perfekt følgje.

lørdag 3. april 2010

Den gule

Gult

Hugsar denne?

Den gule

No har den vore ute i verda og lufta seg – og fått med ein pin heim til mor.

Kjekt å få treffe så mange slektningar, og “henge med dei” – som fjortisen seier.
Gøy at så mange var med i år!

Cheddar

Er lite glad i gult, eigentleg. Trur det visar i arbeidet.


Gult 2

Er veldig glad i frihandsquilting. Det viser vel også?