torsdag 31. januar 2013

Gjester i vente

Eg har lært noko det siste døgnet: skal du lage strikkemønster, så treng du fleire enn ein til å prøvestrikke. Det kan nemleg vere slik at den som strikkar, forstår meir enn det som står i mønsteret. Det er då flott, tenkjer du sikkert. Ja, på ein måte, så. Men så kjem neste strikkar, og ho tenkjer ikkje slik som den fyrste. Ho finn feil i diagrammet ditt, og ho spør om ting du trudde du hadde skrive ned. Og med tanke på at du ventar storinnrykk i løpet av kort tid, så blir du både heit og kald, og ganske så takknemleg. Det blir hektisk, for dette må rettast – både på engelsk og norsk. Prøving og feiling – tunga beint i munnen – og korleis var det no eg gjorde alt det der smarte eg lærte meg i designprogrammet i fjor vår ein gong?

 

Nye striper

No skal det meste vere under kontroll her, og det er tid for å glede seg til innrykk.

Projo sin vottealong skal strikke striper i februar. Dei kan velje mellom min “Stripeleik” og Wenche Roald sin “Roser og striper”. Eg synest eg har landa i godt selskap. Wenche sine mønstre er veldig gode å jobbe etter, og ho har sitt særeigne uttrykk. Gjennomtenkt, reint og fint design.

Kanskje er du ein av dei nye gjestene, i gang med stripeleik, på leit etter den tommelkilen som ser så rar ut i mønsteret du har lasta ned? Velkommen skal du vere.

Auke8

Gjer det som står i mønsteret, sjølv om diagrammet ser litt rart ut. Strikk berre dei maskane som står der. Dei fyrste 27 omgangane er det berre ein maske i tommeldiagrammet. Ikkje bry deg om tomrommet på begge sider. Der er ingen maskar enno. På 28. omgang begynnar det å skje noko. Då skal du lage ein maske på kvar side av den einslege masken, slik at du får tre maskar i kilen. Samstundes skal du skifte farge på den einslege – heretter kallar me den midtmasken. Etter tre omgangar skal du lage to nye maskar igjen – og skifte farge på midtmasken. Slik skal du halde på til du har 13 maskar i tommelkilen. No fyller dei også ut heile rommet i tommeldiagrammet. Maskane du har laga, strikkar du i same farge oppover tommelen. Den einaste som skifter farge, er midtmasken – kvar gong du aukar.

Her skal eg auke, og har funne den lyse tråden mellom midtmasken og naboen.

Auke1

 

Eg strikkar denne frå rettsida, slik at tråden eg plukka opp legg seg utover til høgre, bort frå midten.

Auke2

 

Her er den på plass på pinnen.

Auke3

 

Her ser du eg skifter farge på midtmasken.

Auke4

 

Her plukkar eg opp tråd på venstre side av midtmasken. Denne skal eg strikke som ein vridd maske, for å få tråden til å legge seg utover mot venstre.

Auke5

 

Her er den nye venstre masken komen på pinnen.

Auke7

- og det var akkurat så mykje tolmod fotografen min hadde. Kanskje kan han lurast til å vere med på avfellinga seinare.


Men altså: dette er pirk, og slett ikkje nødvendig. Auk akkurat slik du har lyst. Er du som meg, så tovar du vottane litt etterpå. og då viser dette veldig lite igjen.

Mønsteret til stripeleiken ligg i høgre marg her i bloggen, og på Ravelry. Kos deg!

torsdag 17. januar 2013

Amerikapakke

I fjor strikka eg 12 par vottar, og dokumenterte det heile på Ravelry og her i bloggen for eit par innlegg sidan.

Vottegruppa “I love mittens” hadde nyttårsfest i ei veke, med trekning av premiar kvar dag til dei som hadde nådd mål. Det draup også på dei som ikkje kom heilt i mål.

Eg var ein av dei heldige som fekk velje premie, og eg er veldig godt nøgd.

Pakken låg i postkassen i går.

 

Premie2


Fotolys er mangelvare for tida – men eg har gjort mitt beste – ute – i minus 10.

Premie1

Handspunne strikkegarn.

DSC_1031


Pent merkte med både sauerase og lengd. Mjukt, lekkert. Det må bli vottar av dette her.

Sjølvsagt har eg eit vottespøt på pinnane no også – og planar for mange fleire.

tirsdag 15. januar 2013

Sogn bunadnettverk

 

Ja, eg har nemnt dei før. Ein gjeng damer som brenn for tekstilar. Gamle tekstilar – og teknikkane dei brukte for å lage desse.

Om ei veke i morgo er det tid for ein kveld med dei på museet att. Det er berre ein liten ting: her i huset er det ei frøken som fyller 18 akkurat den dagen. Kanskje går det an å feire med bløtkake dagen etter?

image

Dette kjem til å kreve diplomati. Oreo-kake, iallefall.

torsdag 10. januar 2013

Skattar

Eg minnest eit skrin frå då eg var lita. Pappa sitt skrin, som spelte når ein opna det – og som hadde skattar frå fjerne land. Dei var kjøpte på den store ferda hans til framande land, medan han var på skuleskip, og venta på å bli gamal nok til å ta seg jobb på fabrikken her i bygda.

No er vesparypa like gamal som morfaren var då han vitja Japan og Panamakanalen, og skaffa seg tyttebærtatovering med “Norge” på armen.
Vesparypa skal på russetur til hausten. Tru kva ho kjem heim med?

 

Qatar2012stoffroser

Når eg er på tur, så blir det ofte litt sære ferdaminne – frå litt sære butikkar. Sist var det knappar frå Paris.

 

Qatar2012småspeglar


Ei tid før det var det silke frå Qatar. I haust baud sjansen seg igjen, og eg fekk vitje Qatar nokre dagar.

Qatar2012bandrull3


Også denne gongen vart det litt skattar.

Qatar2012bandrull2

Eg må visst ha meg eit skrin.

Qatar2012bandrull

Eller kanskje ei skattekiste.

 

Kva eg skal bruke det til? Anar ikkje – men pene er dei, både banda, speglane og stoffrosene.

 

“How many meters, Madam? All of it??”

tirsdag 8. januar 2013

Vottedilla

Det må jo gå over ein gong. 12 par vart det i fjor – litt fordi eg var med på ein utfordring på vottegruppa på Ravelry. “12pairsofmittensby2012” seier vel det meste om det.

Det gjekk akkurat, for eg festa siste trådane på siste votten på vesle nyttårsafta.

I fjor på denne tid fann eg vel ut at quiltebloggen heldt på å bli noko anna – og slik er det nok i år også.

 

tordivelvottar6   Blondevott på2

Tvilling1   Ferdig Dala2

Wood Hollow Mittens  Tova Rauma3tr

Ferdig dala  Herrevott5

Stripeleik1   Stripeleiken 3c

Stripeleiken 2d

Slik var produksjonen i fjor – og eg er ikkje kurert.

 

Flyfly1

 

Fyrste paret ut i år er ferdig – og eg ser meg om etter fleire fine vottemønster med fuglar på. Men dei skal ikkje ha for lange sprang mellom maskane. Dei skal vere teikna av nokon som kan det her med totrådsstrikking.
Vottane over her er det Jorid som har teikna – dei ligg ute som gratismønster i butikken hennar. Og der er masse andre fine vottemønstre. Gode vottemønstre.

Dette er det nok mange som har oppdaga, for Jorid sitt mønster “Brennende kjærlighet” er fyrst ut i ein vottealong som starta no i januar. Ganske så mange damer har strikka seg akkurat desse vottane alt – og mange fleire er i gang.

Og her kriblar det litt – for nestemann ut, det er meg. Kanskje må eg lære meg litt meir tekniske saker om blogg og nedlasting av pdf, slik at det går an å hente mønsteret her hjå meg også – og ikkje berre på Ravelry. Om nokon har tips, blir eg glad for det.

 

Stripeleiken 2e


Hurra! Det er så gøy at så mange vil strikke mitt mønster!

 

Quilting kan det nok også bli i løpet av året – men fyrst må nokon rydde syrommet mitt - -.