fredag 22. april 2011

Luekavalkade

Ein må vite akkurat når ein skal slå til.
Timing is everything!

 

 

Når det er nok dagslys igjen, modellen er nysminka, og litt i beit for cash. Ti minutt går bra.
When there’s still enough daylight, the model is all made up and ready to go – but short of cash.
It only takes ten minutes.

 

 

Snart ferdig no.
Almost finished.

 

 

Og avgarde fòr ho på Vespaen. Jentekveld!
And off she went on her Vespa. Girls’ night!

Då skal det snart bli pakke i posten til Margot. Kanskje skulle eg notere litt før eg sender dei frå meg. Håpar dei blir like bra på damer utan så mykje hår.
I’m sending them off to be chemo caps. Hopefully, they will look equally good on hairless heads.

tirsdag 19. april 2011

Det kriblar

Så fort det gjekk i år!

Då sola stakk fram i går, vart det brått varmt ute.

Vaskebøtta kom fram, og mannen var brått ustoppeleg:

Nyvaska

Det er noko eige med Vespa. Særleg om den er raud og lekkert nostalgisk.

 

vårreingjering

Den andre tohjulingen er også vakker, svart og stram som den er.
Gledar meg til fyrste vårturen – og mange fleire denne sesongen.

 

MC bokeh

Såg at eg fek fram bokeh då eg leikte med kameraet i går. Fascinerande greier.

 

Nissan

Vaskeiveren gjekk brått over då tohjulingane stod skinande reine. Forstår det godt, eg.

mandag 4. april 2011

Ein pris!

Nei, ikkje snus. Ein bloggepris, eller award, som det heiter på det aller nyaste norske målet.

Tusen takk, Trine. Kjekt – og litt forpliktande.

Awarden skal vidare til fem bloggarar som har mindre enn 100 følgjarar, slik at me kan inspirere kvarandre.

Slik er reglane:

1. Ein må linke til den ein fekk prisen frå.
2. Ein må sende prisen vidare til fem andre bloggarar
3. Ein må svare på fem spørsmål

Eg velgjer meg

Den raude tråden
Fru Storlien
Sigrun
Torirot
Sølvi

Ok – så lang alt vel. Då var det spørsmåla:

1. Kvifor starta du å blogge?
Eg innsåg etter kvart at webshots kanskje ikkje var det beste mediet for tekst.
Eg såg at bloggeverda kunne passe meg – tanken var ein rein quilteblogg, men den lever litt sitt eige liv, der foto er viktig.

2. Kva slags bloggar følgjer du?
Quilting, strikking, mat, trening og foto – og så snik eg litt i interiørbloggar av og til.

3. Favorittfarge?
Lilla

4. Favorittfilm(ar)
“Stekte grønne tomater”, “Den grønne mil”, “Seven”

5. Kva land vil du besøke, og kvifor?
Australia – for Uluru, kenguruar og vin
Kina – for historie, kultur og silke
Libanon  - for vener, maten og vin
England – for humor, te og herleg Queen’s English

IMG_5639 256

Det går jo ikkje an å avslutte eit innlegg heilt utan foto. Dette er teke med ryggen til kapellet på Hermitage-åsen i Rhône. Det ville vere heilt ok å kome dit igjen, også.