Det er alltid noko nytt å lære – alltid. Kanskje ikkje det ein venta seg – og kanskje ikkje så mykje som ein hadde håpt – men likevel. Eg melder meg stadig på ting som er “litt i grenseland”, i håp om å snuble over nye idear.
Maggie Grey hadde eit foredrag på siste Festival of Quilts, kalla “Old Walls and Painted Halls”. Mykje av det var ei lita inføring i Photoshop for den eldre garde med lettare pc-vegring. SÅ kom gullkornet:
Maggie brukte det helst på papir til collage, men det går fint på stoff:
Du penslar det på, let tørke, stryk fast eit ark frysepapir på baksida, og køyrer det gjennom blekkskrivaren. Det geniale er at blekket fester seg (viser) berre der du har pensla. Lekkert?
Vasketest seier meg veggtekstil, kanskje veske, men ikkje quilt til bruk og stadig vask.
Til litt meir vaskbare ting er ferdigpreparerte stoffark fine.
Åhh – herleg å vere ferdig med bunadsaum!
