I hagen stolar eg på at det går av seg sjølv no som snøen er vekke.
Rabarbraen er i rute.
Magnoliaen var nykomar i fjor sommar. Det ser ut som den har klart vinteren vår.
Souveniren frå dei mange timane på Schiphol etter Festival of Quilts i fjor haust blir veldig spennande.
Men det einaste som er viktig akkurat no, er at picot’ane knoppar seg.
Stolpe og halslinning er ferdig “knoppa”, no står berre ermelinningane att.
Mamma har meir enn godkjent arbeidet, så då kan eg vere godt nøgd.
I går gjekk dagen til å levere konfirmanten på flyplassen, litt handling i nabobygda, feiring av ei 85 år gamal tante – og vipps så var kvelden der. I dag er det nye timar til arbeid.
Eg skulle visst ha avslutta halslinninga med halve roser på begge sider – men det vil eg ikkje. Bunadpolitiet får heller kome og yppe seg – om dei torer. Då reknar eg med dei er forskriftsmessig ikledde passande hovudplagg!
