Me kan jo ikkje vere like gode på alt, heller.
No er det den tida igjen. Messetida.

Dei halvferdige produkta frå i fjor på same tid - ja, dei er framleis halvferdige, dei.
Kor mykje tid og krefter skal ein eigentleg legge i ting som blir endevende av andre på leit etter idear, og så slengde ned att med “den der kan eg lage sjølv, heilt gratis”-mina?

Likevel – det å jobbe med tekstilar gjer meg litt snillare, trur eg. Og så er det jo gøy å vise seg fram.

Gamle laken får eit siste liv inni ting – kanskje kan eg skryte på meg gjenbruk og vere litt tidsriktig –

Eit bestillingsarbeid er også på gang. Førtiårsgåve, visstnok. Snart ferdig.

Det er sjølvsagt når ein driv med slike ting at lysta til å trykke og eksperimentere melder seg som sterkast.
Er det berre meg, eller ?
I verste fall har eg jo maskemarkørar og sjal frå i fjor – ferdig prisa og merkte. Ferdig endevende? Neppe.