fredag 27. mai 2011

Forelska!

granateplefrø4

 

-i julegåva mi, eit makroobjektiv.

 

tordivel

 

- og sjølvsagt i givaren, som forstod at dette var det einaste i heile verda eg ynskte meg.

 

Vettisvegen

 

Ein liten kveldstur i går vart lang. Me fann både tordivelen og dette skiltet der me snudde heim.

I dag går turen til hovudstaden, med finstas og godt mot i bagasjen. I morgo er det kåring av “Årets butikk” i kjeda vår – og me er finalistar.

Me gleder oss til festen!

mandag 23. mai 2011

Hattifnatt

Trøsyklisten er lukkeleg Vespa-rype igjen. Hurra!

Me las mykje om mummitrolla då ho var yngre, og hattifnattane gjorde eit visst inntrykk.

 

Hattifnatt  kjerringrokk

 

No trur eg eg veit kvar Tove Jansson fann inspirasjon til desse skapningane.

Eller er det berre meg og min fantasi?

tirsdag 17. mai 2011

17.

Så er den over igjen.
Yet again it is over. Constitution Day, that is.

BUNAD 6

 

BUNAD 4

 

BUNAD 3

 

Finstasen har fått lufta seg i år også.
Our finest garments have been aired this year, too.

BUNAD 5    BUNAD 2

 

Gjett om eg har fått merksemd i dag!
I got plenty of attention today – my headdress does that to people.

BUNAD 1

 

Ein dag i året toler eg det.
I can handle the attention – one day every year.

I love my national costume!

søndag 15. mai 2011

Knappelukke

I desse bunadtider må ein pusse og gni litt.

Den grøne silkeskjorta var moden for ein vask i fjor, men blei hengt vekk med flekkene på.

Tilliten min til det lokale renseriet er berre slik passe, så i dag gjekk eg laus med lunka vatn og spesialsåpe til silke.

Vaskevatnet vitna om mange års bruk og lufting, og heller lite vatn. Eg vaska heile skjorta i maskin også, på ullprogram, med Milo. Det ser ut til å ha gått fint.

 

Knappar3

 

Knappane i skjorta sprette eg av, og har nytta høvet til ein god puss.

 

Knappar

 

På eit bunadseminar ein gong, kom eg i disputt med fleire av bunaddamene på Husfliden i Bergen om desse knappane. Dei var samde om at knappane mine var “feil”, og ikkje seine om å fortelje meg det.

 

Knapp

 

Det skulle vere sju mindre knappar i silkeskjorta frå Sogn, basta.

 

Knappar2

 

Knappane er arvegods, sprette ut av ei trøye etter oldefar. Ser ein nøye etter, ser ein at dei er laga av dansknorske skillingar frå omlag hundre år før perioden drakta er frå.

Skulle eg verkeleg heller ha kjøpt nye knappar til silkeskjorta mi?

Sjølv bergensk bunadekspertise tagnar av og til.

 

Knappar4

 

Alt det andre bunadsølvet mitt er kjøpt nytt, ettersom det var syster mi som vart oppkalla etter den bestemora som hadde bunad.

søndag 8. mai 2011

Froskesafari

Når me er på feriestaden i Fjaler, går me ofte på froskesafari om det er vått vær. Padder finst der og.

 

froskeegg2

 

Eg veit det er tida no, så eg tok ein tur her i nærområdet med kamera. For seint. Egga var ferdig lagde.

 

froskeegg

 

Får ta ein tur tilbake om nokre veker – då er det vel meir fres i dammen.

 

egg1

 

Fascinerande greier.

 

maigull1   maigull2

 

Maigull fann eg også.

 

potent bregne

 

Og herleg potente bregner – ser ut som dei står klare til å sprette.

lørdag 7. mai 2011

Lakris

I dag er det den humanistiske konfirmasjonsdagen her i indre strok. Hurra!

 

Oreo2

 

Eg og trøsyklisten skulle levere ei kake til nettopp ein slik fest i dag. Godt å ha med ein assistent til å halde kaka på rett kjøl heile turen.

 

Oreo1

 

Etter me hadde levert kaka, så kom det: å, mamma, kan me ikkje køyra oss ein tur?

Det gjorde me, og enda på kaffi og is hjå "den raude tråden".

Jenta vart etter kvart breidd ned i ein nydeleg quilt. Litt tidleg for shorts enno.

Koseleg prat, og nydeleg lakris-is til kaffien. Ny for meg. Farleg freistande i lavkarbo-tider!

 

Oreo3

 

Kameraet er jo sjeldan med på kakelevering, så her vert berre foto av den omtalte kaka.

Kommentaren på heimtur: dei var koselege!

Kjekt med ungar som veks til.

fredag 6. mai 2011

Mopedkøyring og slikt

Det kan bli dyrt.

Fjerning av plomberingar kostar 4200,-

Køyring med passasjer over 10 år kostar 2000,-

Køyring med passasjer over 10, under 15, utan hjelm, kostar føraren 1500,- ekstra.

Køyring med passasjer over 15, utan hjelm, kostar passasjeren 1500,-

Korleis eg veit det?

Bot1

 

Vel – det raude, nye vidunderet står innelåst i ein månads tid.

Eigaren er mellombels forvist til trøsykkel, og har fått redusert betalingsevne ei tid.

Heldigvis var passasjeren over 15.

bot2

 

Neidå, plomberinga sit i, den. Ein treng ikkje ha fyrstehands erfaring med alt.

Politiet har ei nyttig lita prisliste.

Kvifor fekk me med den lista heim, tru - - -

torsdag 5. mai 2011

Einstein

Eg skulle strikke ein kort og vid jakke i Noro Silk Garden. Prinsippet var Baby Surprise Jacket.

Einstein5

 

Garnet er jo så flott.

Einstein6

 

Ikkje akkurat billig, heller.

Det vart ikkje heilt som eg hadde tenkt. Arbeidet låg til modning to vintrar. Det hjalp lite.

 

Einstein2

 

Så rekna eg pris ein dag – og rekte opp med det same.  Slikt garn brukast.

 

Einstein1  Einstein4

 

No er eg i gang med Einstein etter Sally Melville sitt mønster. Meir elegant enn BSJ – iallefall på bilda.

 

Einstein3

 

Snart må eg bestemme kva side som er retta. Begge er vakre. Luksusproblem.

Men eg trur eg treng litt meir garn - -

søndag 1. mai 2011

Ei lausleg oppskrift

Eller som Elizabeth Zimmermann ville ha sagt det: “pithy directions”

 

puls4

 

Det var einkvan som etterlyste mønster. Her kjem ei litt lausleg oppskrift, som nok krev at du har strikka før.

Det har vel dei fleste gjort – iallefall dei som er innom her, trur eg.

Kanskje krevst det også at du tenkjer på same måte som meg.

Iallefall:

Eg la opp 54m, strikka ribb 4r 2vr ca 10 cm. Auka til tommel innanfor dei to rette kantmaskane i ei av dei rette ribberadene på annankvar omg til tot. 16 rette der. Strikka 4 omgangar til med rett over rett, vr over vr. Sette av dei 16 rette til tommel, la opp 10m bak tommelen og fortsette rundt i ribb ca 3cm. Felte av. Tok opp 10 m i opplegget på tommelen, strikka den rundt med 2vr på kvar side av dei 16 rette. Felte 2 ggr innanfor den rette kantm. i dei 16 rette, på annankvar pinne. Str. til tommel like lang som hand, og felte av.
Dette er grunnmønster, med masse rom for leik med vriborder. Legg til nokre ekstra m om du vil vri, for det “stel” vidde.

Vriborden på biletet er strikka over åtte maskar. Alle dei andre felta med rette maskar er over fire m.

Eg har brukt ulike alpakkagarn i den tynne kvaliteten frå litt ulike produsentar.

Ei lita åtvaring er på sin plass: dette er sterkt vanedannande!

Ha det gøy.

 

Redigert 25.01.2013: ser eg har litt besøk her. Difor: klikk på bildet, så kan du laste ned sida som pdf.