fredag 6. mai 2011

Mopedkøyring og slikt

Det kan bli dyrt.

Fjerning av plomberingar kostar 4200,-

Køyring med passasjer over 10 år kostar 2000,-

Køyring med passasjer over 10, under 15, utan hjelm, kostar føraren 1500,- ekstra.

Køyring med passasjer over 15, utan hjelm, kostar passasjeren 1500,-

Korleis eg veit det?

Bot1

 

Vel – det raude, nye vidunderet står innelåst i ein månads tid.

Eigaren er mellombels forvist til trøsykkel, og har fått redusert betalingsevne ei tid.

Heldigvis var passasjeren over 15.

bot2

 

Neidå, plomberinga sit i, den. Ein treng ikkje ha fyrstehands erfaring med alt.

Politiet har ei nyttig lita prisliste.

Kvifor fekk me med den lista heim, tru - - -

2 kommentarer:

BenteOO sa...

Sender vakre tankar til dykk alle! Eg ventar til neste sommar med å køyre MC'en min!

Anonym sa...

Uff da, - ikkje kjekt! Men forhåpentlig sit lærdomen :-)