Viser innlegg med etiketten quilt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten quilt. Vis alle innlegg

lørdag 13. juli 2013

Eliteppet

Frøkna fekk ein quilt då ho var lita. Stoffa er bomullsstoff frå Stoff og Stil, og vatten er også derifrå. Store ruter er klipte til med saks, og heile greia er vrangsydd før det har fått ein saum rund heile, midt på ytterste ruta. Ellers er det inga quilting. Ho som sydde det var ingen quiltar, berre veldig ivrig med symaskina.

Reparasjon2

Denne quilten har vore med frøkna i bilen, i senga, i sofakroken – overalt – og ber etter kvart preg av det.

Eg har prøvd meg med erstatningar i Fassett-stoff, med flanell bakside og silkevatt inni, fargekoordinerte lekre storblomstra ruter og handquilting. Pøh! Ingenting kan erstatte Eliteppet. Å kassere det fordi det held på å gå i oppløysing er ikkje aktuelt!

Reparasjon

 

Så då set eg meg til symaskina, då, kvar gong skatten har vore vaska. Huff, har du sett – det har visst snike seg inn litt Fassettstoff også.

Håpet er at alle aksjonsquiltane me quiltarar leverer til sjukehus rundt om i landet, blir like kjære for mottakarane som Eliteppet er for frøkna vår.

torsdag 9. mai 2013

Teppebombing

Ja, eg lovte vel både den eine og den andre å kome sterkt attende med foto frå utstillinga vår. Dette blir eit langt innlegg – men det er mest foto, så det går vel bra?

 

Utstilling15


Den vart omtalt i lokalavisa  - etter sterkt påtrykk på vakthavande journalist. Ikkje nok å tipse der, nei – eller invitere. Veldig klar beskjed måtte til.

Utstilling1


Når ein ikkje har korkje idrett, og då helst fotball, eller noko som helst om konflikter eller nedgangstider å by på, så er det vel ikkje vidare spennande stoff. Litt rart, då, at det vart ei fyrsteside utav det då artikkelen var skriven.


Utstilling2


Me har fått i oppgåve å levere ein quilt frå Lærdal husflidslag saman med våre, når me leverer neste ladning til “Tepper til glede-aksjonen”. Den har slike stjerneblokker som denne her. Fleire av medlemmane sydde maken på ei sy-saman-helg i haust. Har du lyst til å prøve deg, så ligg det ei veldig grei oppskrift på flygande gjess utan svinn her. Dei dannar blada i åttebladrosa – eller stjernespissane – alt ettersom ein ser det.

Utstilling3


Her ser du to til av dei. Flotte, ikkje sant?


Utstilling5


Me ville vise fram kva me leverer til Haukeland, men også kva me ellers driv med. Jule- og påsketing, og vesker, er alltid aktuelle.


Utstilling6

Utstilling7

Utstilling8

Utstilling9

Utstilling12


Der er ikkje så mykje veggplass, men det løyste me med å bruke stolar til slumreteppa.

Utstilling14


Her er eit foto av heile froskedammen min. Stoffet hadde eg kjøpt på Quilter’s Paradise fyrste gomgen eg var i København, og det låg lenge i hylla medan eg grubla på korleis eg skulle få brukt det utan å lage”froskemos” og kappe dei i bitar. Dette vart løysinga. No er det kanskje ikkje så aktuelt med knallfargar som det var for nokre år sidan – men eg er likevel godt nøgd med det ferdige resultatet, eg. Det måler ca 80x80 cm.

utstilling10       Utstilling20

Det vart nokre foto med portrettobjektiv på slutten. Quilting er veldig spennande på nært hald, også.

Utstilling11    Utstilling13


Utstilling16    Utstilling19


Utstilling22    Utstilling21


Damene på biblioteket har funne fram mange aktuelle bøker, og stilt desse ut saman med quiltane. Godt samarbeid!

Utstilling23

No er me litt spente på om det er fleire som har lyst til å sy saman med oss – gjerne nokon som er litt yngre, også.

Utstilling4

torsdag 2. mai 2013

Ferdigstilling

Når ein leitar, så finn ein ofte andre ting enn det ein var på leit etter. Slik hadde det seg at då eg leitte etter ekstra sterk tråd for å fikse noko i bilen, så fann eg andre trådsneller også.

rip1

Dei blå snellene eg bestilte frå USA for å få akkurat maken til den eg slapp opp for midt i froskedammen min, kom fram att i lyset. Ellers plar eg ikkje pirke slik med tråd at eg bestiller langvegsfrå. Eg hamstrar som regel Aurifil i litt ulike fargar og tjukkleikar når eg kjem over det.

rip2

Det halvquilta arbeidet kom også fram att – og no har det til og med fått både lukkekant og opphengs”tunnel” . Det manglar berre å sy den slik til at det er plass til ei list inni der.


rip3


Det tok litt tid å finne att rytmen – men blei heilt ok. Eg finn ikkje att overgangen sjølv no når det er ferdig.


rip6

onsdag 1. mai 2013

Eg syr!

Det tok eit par dagars rydding. Litt om gongen, så det ikkje verka som så stor jobb. Framleis står mykje att, men no går det an å kome inn og sette seg ned og sy utan å skumpe borti noko eller rive ned noko.

bento4


Neidå, det er ikkje tråklesting – det er handquilting med perlegarn og dokkenål. Heilt ok til bruksting, synest eg. Det tok nokre kveldar forrige veke – og nokre episodar av “A Game of Thrones”.
Quilten er ca 90 x 120 cm, og kan vere slumreteppe til både store og små.

bento2


Bakstykket er fleece, og eg har overlocka kantane saman før eg set på lukkekanten. Veldig ok måte å gjere det på, for då fekk eg reinskore det med det same.


Bento1


Eg sydde også på baksida av lukkekanten med maskin: denne quilten skal ikkje konkurrere, men kosast med, og ein maskinsaum toler hardare bruk.
No skal han på utstilling i helga, for quiltelaget stiller ut quiltar som skal til barneavdelinga for langtidssjuke barn på Haukeland. Men det skal gå fint.


bento5


Eg plar merkje quiltane eg sender frå meg med ein slik lapp – så blir det kanskje endå meir trøst i dei.
Utstilling er smart – då må ting gjerast ferdige. Gleder meg!

onsdag 27. juni 2012

Pluss

Nei, eg er ikkje komen lengre, men fekk lyst til å vise fram meir av det eg sydde på her om dagen:

Pluss

plusstopp

 

Eg ser for meg ein med skifergrå botn og metta raude Fassett-stoff litt utpå hausten.

mandag 18. juni 2012

Sytørken over

Pluss6

 

No må vottane vike ei stund. Eg har sett noko spennande, og må teste det ut.

Pluss3

 

Frå ruteark til utprøving.

Pluss4

 

Pluss1

Morgonturen gjekk fløyten, golvvasken likeeins. Trening – kva er det? Det vart så vidt fiskepuddingmiddag på gjengen i dag.

Eg har hatt Erlendur si siste sak på øyret heile dagen, og løyste mi utfordring omlag samstundes som han løyste si.

Det blir ein liten quilt til barneavdelinga på Haukeland som eg kan handquilte i sommar.  Kjedesyinga gjekk fint, remsene smatt saman, og eg har fått blod på tann!

mandag 26. mars 2012

Årsmøtehelga i NQF

Det høyrest ganske kjedeleg ut – ikkje sant? Årsmøte er som regel tørre greier der ein kan risikere å bli valt til noko om ein stiller opp.

NQF er noko heilt anna: ei heil helg full av kurs, utstillingar, foredrag, quiltebutikkar, lotteri og ikkje minst: veldig mange quiltedamer. Blide, positive, inspirerande quiltedamer. Det kan nok vere at ein og anna mann også er der – og kanskje også quiltejenter – men stort sett er me vel i kategorien damer. Sjølve årsmøtet tek eit par timar, er heilt frivillig, og kan også vere ganske spennande når dei ulike fløyane går i klinsj.

 

Blå Bergen

 

Eg tok to dagar ferie for å få det meste utav byturen. Ja, for når me her i indre strok snakkar om by’n, så er det ikkje hovudstaden me snakkar om. Det er Bergen som er by’n for oss.

 

Bryggen2

Ny tråd Bergen      Må ha Bergen

 

Ofte når eg går på kurs, så melder eg meg på noko som er litt utanfor komfortsonen. Handsaum er ikkje typisk meg – men kan vere godt å kunne likevel. Ei innføring berre slik for å sjekke om eg er på rett spor, er grei å ha. Litt nye duppedittar vert det jo også på slike kurs. Berre tre stoffbitar vart det denne gongen. Dei vil gli fint inn i handsaumprosjektet eg starta på.

Ny sytråd må testast. Kanskje er den like bra som Aurifil –.

 

Gevinst Bergen

Eg kjøper alltid litt lodd på slike treff. Og jammen vann eg! Boka har eg sikla på på nettet, etter at eg såg dei fine kyrne til Mary Lou Weidman, så dette var midt i blinken. Heldige meg!

Det mest spennande med helga var kanskje quiltebloggerforumet. Eg melde meg på, for dette var eg nysgjerrig på. Eit veldig flott tiltak. Men etter kvart som datoen nærma seg, hadde eg både kalde føter og litt sommarfuglar. Det som starta som ein quilteblogg ser jo ut meir som ein strikke- og fotoblogg for tida. Kanskje er eg ikkje ein “ordentleg” quiltebloggar. Kanskje var det dumt å melde  seg på. Kanskje ville eg bli avslørt som “wannabee quiltebloggar”. Men kor gale kan det eigentleg gå på ein liten halvtime?

Eg angra ikkje  - det var ein super liten halvtime med Merete, Sølvi og ei overraskande stor gruppe damer som visst ikkje var så mykje meir “ordentlege” enn meg. Nokre av dei hadde jo ikkje eingong starta opp enno. Ein ting er sikkert: dette kan bli noko veldig bra, og kanskje kan yngre quiltebloggarar også finne ut at me har eit norsk quilteforbund som er for oss.

Gøy å få vere med på å forme dette vidare.

 

Bryggen1

Bryggen3

Litt fototid med ok lys vart det også. Inspirasjon til noko tekstilt, kanskje.

 

Shopping Bergen

Det som stod øvst på handlelista til denne turen, var slett ikkje quilterelatert, men veldig kjærkome. Skorne er alt tekne i bruk. Toppen var meir som snop å rekne.

Takk for ei fin helg, alle som var der. Eg har fått masse inspirasjon til meir quilting.

søndag 18. desember 2011

Selskapsveska er trekt!

 

selskapsveska2

 

Assistenten min er på juletrehogst, så dette vart fort og gale med kosteskaft – men altså:

Linveske quilta over det heile med gulltråd, innsydd litt organzarysj i ein ende, litt paintstick i motsatt ende, og med ein kort hank som låser veska over ein lengre hank.

Pent fora med feit sateng. 

 

  Selskapsveske5

 

Assistenten var innom og åt middag, og forsvann ut dørene med treningsklede og solkort.

Eg klarer fint å trekke aleine, eg:

 

Veske trekt

 

Sender du meg adressa di, Gudveig, så kjem det ein pakke i posten til deg.

søndag 20. november 2011

Meir tordivelveske

Pene veskelåsar får ein aldri nok av.
One can never have too many pretty bagframes.

 veskelåsar B'ham

Eg har snoka litt rundt lenge no, men kvidd meg for prosjekt med liming. Under Festival of Quilts i august, sikra eg meg desse låsane – altså fleire av kvar type.

I løpet av den helga vart eg også råda til å abonnere på DMTV – av fleire damer eg aldri hadde snakka med før. Og så såg eg nokre fine vesker på standen til Kemshall-damene.

Ei rund veske med trekkspelfolder i botnen, sette seg fast i minnet. Litt utpå hausten teikna eg abonnement hjå damene, og har ikkje angra ein dag. Kvar fredag kjem ein ny episode. Eg lærer alltid noko, og kosar meg med stilen deira.

I have been putting it off for a long time now – shying away from projects involving glue. At Festival of Quilts this August, I purchased these frames.

During Festival several ladies whom I had never met before, advised me to prescribe to DMTV. Then I saw these wonderful little bags and purses at the Kemshall-ladies’ booth. Nothing sweet or frilly about them. A rounded bag stuck in my mind. A while later this autumn, I signed the prescription, and was immediately sure I had made a good investment. There is a new episode every Friday. I enjoy their style a lot, and there is always something to be learned. I was thrilled to find two episodes on the bags and purses.

 

Tordivelveske2

Tordivelveske

 

Tordivelveske3

Det blei så bra! Eg har aldri laga ei så pen veske før!

Det beste er kanskje at det er så mange ting her eg har tileigna meg litt etter litt: foto på eit nivå eg er nøgd meg, overføring til stoff med eit litt røfft uttrykk som “er meg”, valg av rette materialar for å få veska stiv nok, utforming av mønster etter ide frå DMTV, og liming som gjekk ganske knirkefritt etter å ha sett nøye på korleis Laura gjorde det.

Så var eg altså ein av arrangørane av husflidslaget si årlege julemesse i helga. Veska var ferdig limt fredag kveld, og klar laurdag. Eg prisa ho høgt, og tenke ho vart nok med heim så eg kunne kose meg med henne sjølv. Slik gjekk det ikkje. Veska er solgt, og skal visst på cruise. Trøsten er at kjøparen er veldig interessert i god design.

Og eg, eg har fleire veskelåsar –.

I am so pleased. i have never ever made a bag this pretty!

The best part is that I got to use so many of the skills I have acquired bit by bit: photography at an acceptable level, fabric transfer with a rough feel to it, choosing the right materials for rigidity, and making my own pattern inspired by DMTV.

Thanks to Laura’s instructions, I was also able to glue the bagframe with a minimum of fiddling.

I put it up for sale at our annual crafts fair this weekend. The price was set high – so I expected to bring my darling home with me after closing time yesterday. Not expensive enough. The bag was sold, and is apparently going on a cruise soon. I take great comfort in knowing that the purchaser has a keen interest for design.

Me – I have got more bagframes stashed –.

messe