torsdag 1. februar 2018
Stripeleik igjen
søndag 4. mai 2014
Vossakofta
Endeleg er eg i gang. Vossakofta er ein av dei tinga eg berre skal lage.
Pinneguri er godt i gang med ein innsvinga variant. Det blir spennande å sjå løysinga hennar.
Eg er av dei som ikkje svingar så mykje inn og ut, så eg held meg til den tradisjonelle rett-opp-og-ned-kofta.
Eg strikkar i Pickles Pure Wool og Kauni. Litt uti Kauni-nøstet så ser eg at det blir for liten kontrast mellom botn og mønsterfarge, så eg har nøsta vekk den mørkaste lillafargen.
Det ser ut til å stemme fint med fire heile mønsterrapportar rundt bolen.
Dette kan bli bra!
tirsdag 11. februar 2014
Tett
Forkjøla og tett. Veldig tett.
Så tett at eg rekker opp alt eg hadde strikka i går kveld.
Planen var å strikke ein gensar med vimplar slik som Pickles sine. Eg har nemleg handla litt Pickles-garn i det siste, og vil lage meg noko nytt til eit årsmøte om ein månads tid.
Men altså: Abuelita merino har ein strikkefastheit på 24/10 når eg strikkar på pinnar nr 3. Kauni får ein strikkefastheit på 21/10 når eg gjer det same. Så kvifor trur eg at det går fint? Det gjer ikkje det!
Tett i nasen, bringa og pappen. Dei to fyrste går over. Den siste er eg litt meir usikker på.
søndag 2. februar 2014
Framleis i strikkemodus
Det vart eindel prematurluer med perler.
Garn hadde eg, perler hadde eg, så då var det berre å strikke i veg. Eg gjorde litt om på May B. Langhelle sitt mønster til djevellue frå boka “Myk start”, slik at dei vart mindre enn til nyfødde.
På nokre av dei var perlene trædde i nøye planlagt mønster,
medan andre var trædde meir på lukke og fromme.
Har du restar i babyull, og litt perler til overs, så er det berre å finne det fram no til OL. Supert Ol-strikk.
Eller forresten, når me er inne på OL, så har du kanskje meir lyst til å gjere som Pinneguri, og strikke noko i regnbogefargar til ære for borgarmeistaren i Sotsji og hans like?
Når eg ser over prematurluene mine, så ser det ut som eg har vore litt tidleg ute med den regnbogestrikkinga – manglar vel eigentleg berre ei med gul kant, så har eg det.
torsdag 21. november 2013
Etter messa
- så er eg tre kjolar og tre vesker fattigare, og nokre kroner rikare. Når eg reknar saman, så er det sikkert eit tapsprosjekt i år – men det får så vere. Det er kos å få vist seg fram litt, og det er kos å jobbe intensivt med desse prosjekta i nokre veker. I år hadde eg også ei nyinnkjøpt skreddarsaks som gjorde jobben mykje enklare.
Eg hadde sydd seks vesker med makrofoto på. Det var lettare å selje blåbær enn småkryp. Rart – det er jo småkrypa som er flottast!
Ellers var der lett blanding av ting frå ulike produsentar:
Glas og porselen frå Anne Karin,
akrylmaleri frå Elisabeth,
glas frå Wenche
og digigrafitrykk frå Lars.
Der var bakst og spekemat, akvarellar og keramikk også.
Det einaste som mangla, var publikum. Me har fått oss nytt handlesenter i bygda, og eg reknar med at mange var der heller enn å gjeste marknaden i Hestetun gard. Slik er det no. Me prøver igjen neste år.
Pinnane er i drift igjen, inspirert av fru Storlien. Det blir små djevlehuver med innstrikka perler. Desse er kjappe å strikke, og eg prøver både sidelengs og nedanfrå og opp.
No treng eg berre å låne ein baby til å prøve dei på.
torsdag 17. oktober 2013
Best under press?
Jaudå, eg lever, i beste velgåande.
Treninga tok litt over for andre ting denne sommaren, så det var ikkje så mykje å blogge om. Det er vel ikkje nokon av dei som er innom her som har lyst til å lese om kor mange kilo stål eg klarer å løfte i ulike øvingar, eller kor mange poeng det vart i fjellgeit-konkurransen.
Eigentleg så trur eg at eg er best på restitusjonsbiten: god mat og slumring under ein quilt, medan eg legg planar for alt eg skal gjere når hausten kjem.
Brått er hausten her, og det er snart messetid, og eg er litt bakpå med det meste – igjen.
Ein tur til by’n i førre veke gjorde godt. No har eg vaska og tørka stoff i fleire dagar, og fekk fylt på att med litt ulike materialar. Nokre vesker skal det bli – med “ekle kryp” på. Må berre kome over glidelåsskrekken igjen. Kjolar trur eg også eg skal få tid til – men heilt sikkert ikkje ti i år.
I dag har eg testa ut eit mobilveskemønster frå michellepatterns. Kanskje skal dei også få foto på seg?
I allefall kan det no bli noko litt meir proft til min eigen telefon no.
Forresten, når ein driv slik og restituerer seg, så går det heilt fint å strikke – og drikke te – og høyre på lydbok. Russegensaren til frøkna er klar, i god tid. Det er ein mariusgensar med rundfelling i berre to fargar. Eg brukte Drops sitt Merino extra fine, så den er kløfri rett på kroppen. Dette garnet er litt tjukkare enn garnet i oppskrifta i Mariusboka, så eg gjekk ned ein storleik på masketalet, og det passa fint. Alpakka er altfor varmt for frøkna, og så er det ikkje akkurat spenstig.
Frøkna sjølv er litt medteken for tida, og har erklært at ho “skal aldri meir på russetur”. Det er nemleg slitsamt så lenge etterpå.
mandag 17. juni 2013
Marknadslaurdag
Eg brukar å ta meg ein tur – ofte saman med mannen – når nabobygda steller til Lærdalsmarknad.
I går måtte han rykke ut på vaktoppdrag, så då tok eg turen aleine.
Det vart ein opplevingsrik dag:
veteranbilutstilling, to gonger tyttebæris frå Feios i løpet av nokre få timar, arabisk kaffi, fekk helse på ein ordførar, fleire palestinarar, og skravle med ei lettare stressa Boops, kjøpte bringebærhonning, to buntar Kaunigarn, passa Jerikobui ein times tid, såg flotte quiltaløparar, og alle dei flotte hattane til Torild Finsrud Velure.
Kameraet låg att heime, men her er fangsten min.
Havskumteppe nummer tre voks også nokre omgangar medan eg passa Jeriko-varene.
Spøtet har vokse litt meir i dag, men eg har også trent to økter. No er me halvveges i konkurransen – og det blir ikkje meir is på meg før me skriv juli månad.
Eg drøymer om den tyttebærisen frå Feios. Kanskje skal eg prøve meg på noko sunt, proteinrikt i ismaskina ein dag. Masse eggekviter, bær, yoghurt og sukrin? Rabarbrais, kanskje?
søndag 2. juni 2013
Prematur
Heldigvis gjekk det fint med oss den gongen for 18 år sidan, då eg hadde rier frå veke 28 og ut svangerskapet. Rett nok kom frøkna eit par-tre veker før termin, men det var heilt ok, det.
Den kjensla, at kanskje blir det no – altfor tidleg, den gløymer eg ikkje. Me kunne hatt eit heilt anna barn, og eit heilt anna liv.
Då er det så kjekt å kunne glede andre – som er komne i den stoda, og bidra med noko nyttig.
At det er ein fin måte å få brukt opp smårestar i babyull, og få testa ulike fellingsmåtar på, det gjer heller ingen ting.
Her har eg lagt opp 78 maskar, og så spøtar eg så langt som eg kjem med eitt nyste babyull. Er ikkje dette eit nydeleg maskemønster?
Alt saman skal leverast til Haukeland sjukehus saman med denne quilten. Dei litt større quiltane blir visst brukte til å dekke over kuvøser, så kanskje endar alle tinga mine opp til fortidlegfødde denne gongen.
- og medan eg driv med desse småtinga, så tumlar tankane med større prosjekt. Halve gleda er å planlegge ting, ikkje sant?
mandag 1. april 2013
Aprilvottar
Eg er ikkje så glad i omgang etter omgang med vrange maskar – berre for at det skal bli vrangt på retta.
Så når det går an, så juksar eg litt. Eg vrenger arbeidet, og strikkar rett på vranga dei seks omgangane, før eg vrenger til retta, og strikkar dei seks rette der.
Ja, det blir eit lite hol – men det gjer ikkje meg noko. Rillene vil jo legge seg litt “i kø” her likevel.
Mønsteret er Mini Mochi Springy Ring Mittens.
Eg valde å bruke garn eg alt har: DSA Tynn alpakka, og Regia 4-tråds sokkegarn i Kaffe Fassett-fargar.
Karbonpinnane er litt kortare enn eg er van med – men ellers veldig fine i bruk. Dei kjennest nesten litt varme.
Dette må bli supre vottar saman med Wurm-lua til Katharina Nopp. Den har eg hatt lyst til å strikke lenge.
Medan eg har skrive dette, så har eg lasta ned Herremagasinet, Ukeslutt, Hallo i uken, Språkteigen, Electric Sheep, Knit Picks’, Knitmoregirls’, Jackie’s Quilting Chronicles og American Patchwork & Quilting sine podcastar til Ipod’en. Dette kan bli ein lang trimtur!
onsdag 6. mars 2013
Februar
Kom og gjekk.
Eg syntest det var best at tommelaukingsinnlegget fekkk ligge fremst i bloggen så lenge det stod på. Då var det lett å finne hjelp og forklaring for dei som stussa litt.
Eg enda opp med å bli med på vottegalskapen. Eg som aldri skulle på fjesboka –.
Og så måtte eg prøve meg på dei andre februarvottane. Eit godt mønster. Det er dei alltid når Wenche har skrive dei.
Hemmeleg melding bak tommelen er ein kjekk vri, sjølv om eg valde å late det vere på desse.
Eg prøver å innbille frøkna at ho har ei framtid som vottemodell, berre ho øver nok.
- ”Åhhh – mamma – det er kaldt!”
- “Ikkje på hendene, iallefall –“
torsdag 31. januar 2013
Gjester i vente
Eg har lært noko det siste døgnet: skal du lage strikkemønster, så treng du fleire enn ein til å prøvestrikke. Det kan nemleg vere slik at den som strikkar, forstår meir enn det som står i mønsteret. Det er då flott, tenkjer du sikkert. Ja, på ein måte, så. Men så kjem neste strikkar, og ho tenkjer ikkje slik som den fyrste. Ho finn feil i diagrammet ditt, og ho spør om ting du trudde du hadde skrive ned. Og med tanke på at du ventar storinnrykk i løpet av kort tid, så blir du både heit og kald, og ganske så takknemleg. Det blir hektisk, for dette må rettast – både på engelsk og norsk. Prøving og feiling – tunga beint i munnen – og korleis var det no eg gjorde alt det der smarte eg lærte meg i designprogrammet i fjor vår ein gong?
No skal det meste vere under kontroll her, og det er tid for å glede seg til innrykk.
Projo sin vottealong skal strikke striper i februar. Dei kan velje mellom min “Stripeleik” og Wenche Roald sin “Roser og striper”. Eg synest eg har landa i godt selskap. Wenche sine mønstre er veldig gode å jobbe etter, og ho har sitt særeigne uttrykk. Gjennomtenkt, reint og fint design.
Kanskje er du ein av dei nye gjestene, i gang med stripeleik, på leit etter den tommelkilen som ser så rar ut i mønsteret du har lasta ned? Velkommen skal du vere.
Gjer det som står i mønsteret, sjølv om diagrammet ser litt rart ut. Strikk berre dei maskane som står der. Dei fyrste 27 omgangane er det berre ein maske i tommeldiagrammet. Ikkje bry deg om tomrommet på begge sider. Der er ingen maskar enno. På 28. omgang begynnar det å skje noko. Då skal du lage ein maske på kvar side av den einslege masken, slik at du får tre maskar i kilen. Samstundes skal du skifte farge på den einslege – heretter kallar me den midtmasken. Etter tre omgangar skal du lage to nye maskar igjen – og skifte farge på midtmasken. Slik skal du halde på til du har 13 maskar i tommelkilen. No fyller dei også ut heile rommet i tommeldiagrammet. Maskane du har laga, strikkar du i same farge oppover tommelen. Den einaste som skifter farge, er midtmasken – kvar gong du aukar.
Her skal eg auke, og har funne den lyse tråden mellom midtmasken og naboen.
Eg strikkar denne frå rettsida, slik at tråden eg plukka opp legg seg utover til høgre, bort frå midten.
Her er den på plass på pinnen.
Her ser du eg skifter farge på midtmasken.
Her plukkar eg opp tråd på venstre side av midtmasken. Denne skal eg strikke som ein vridd maske, for å få tråden til å legge seg utover mot venstre.
Her er den nye venstre masken komen på pinnen.
- og det var akkurat så mykje tolmod fotografen min hadde. Kanskje kan han lurast til å vere med på avfellinga seinare.
Men altså: dette er pirk, og slett ikkje nødvendig. Auk akkurat slik du har lyst. Er du som meg, så tovar du vottane litt etterpå. og då viser dette veldig lite igjen.
Mønsteret til stripeleiken ligg i høgre marg her i bloggen, og på Ravelry. Kos deg!
torsdag 17. januar 2013
Amerikapakke
I fjor strikka eg 12 par vottar, og dokumenterte det heile på Ravelry og her i bloggen for eit par innlegg sidan.
Vottegruppa “I love mittens” hadde nyttårsfest i ei veke, med trekning av premiar kvar dag til dei som hadde nådd mål. Det draup også på dei som ikkje kom heilt i mål.
Eg var ein av dei heldige som fekk velje premie, og eg er veldig godt nøgd.
Pakken låg i postkassen i går.
Fotolys er mangelvare for tida – men eg har gjort mitt beste – ute – i minus 10.
Pent merkte med både sauerase og lengd. Mjukt, lekkert. Det må bli vottar av dette her.
Sjølvsagt har eg eit vottespøt på pinnane no også – og planar for mange fleire.
tirsdag 15. januar 2013
Sogn bunadnettverk
Ja, eg har nemnt dei før. Ein gjeng damer som brenn for tekstilar. Gamle tekstilar – og teknikkane dei brukte for å lage desse.
Om ei veke i morgo er det tid for ein kveld med dei på museet att. Det er berre ein liten ting: her i huset er det ei frøken som fyller 18 akkurat den dagen. Kanskje går det an å feire med bløtkake dagen etter?
Dette kjem til å kreve diplomati. Oreo-kake, iallefall.
tirsdag 8. januar 2013
Vottedilla
Det må jo gå over ein gong. 12 par vart det i fjor – litt fordi eg var med på ein utfordring på vottegruppa på Ravelry. “12pairsofmittensby2012” seier vel det meste om det.
Det gjekk akkurat, for eg festa siste trådane på siste votten på vesle nyttårsafta.
I fjor på denne tid fann eg vel ut at quiltebloggen heldt på å bli noko anna – og slik er det nok i år også.
Slik var produksjonen i fjor – og eg er ikkje kurert.
Fyrste paret ut i år er ferdig – og eg ser meg om etter fleire fine vottemønster med fuglar på. Men dei skal ikkje ha for lange sprang mellom maskane. Dei skal vere teikna av nokon som kan det her med totrådsstrikking.
Vottane over her er det Jorid som har teikna – dei ligg ute som gratismønster i butikken hennar. Og der er masse andre fine vottemønstre. Gode vottemønstre.
Dette er det nok mange som har oppdaga, for Jorid sitt mønster “Brennende kjærlighet” er fyrst ut i ein vottealong som starta no i januar. Ganske så mange damer har strikka seg akkurat desse vottane alt – og mange fleire er i gang.
Og her kriblar det litt – for nestemann ut, det er meg. Kanskje må eg lære meg litt meir tekniske saker om blogg og nedlasting av pdf, slik at det går an å hente mønsteret her hjå meg også – og ikkje berre på Ravelry. Om nokon har tips, blir eg glad for det.
Hurra! Det er så gøy at så mange vil strikke mitt mønster!
Quilting kan det nok også bli i løpet av året – men fyrst må nokon rydde syrommet mitt - -.

