søndag 2. februar 2014

Framleis i strikkemodus

Det vart eindel prematurluer med perler.

Preemies


Garn hadde eg, perler hadde eg, så då var det berre å strikke i veg. Eg gjorde litt om på May B. Langhelle sitt mønster til djevellue frå boka “Myk start”, slik at dei vart mindre enn til nyfødde.


PreemieA


På nokre av dei var perlene trædde i nøye planlagt mønster,


PreemieG

 

medan andre var trædde meir på lukke og fromme.

Har du restar i babyull, og litt perler til overs, så er det berre å finne det fram no til OL. Supert Ol-strikk.

Eller forresten, når me er inne på OL, så har du kanskje meir lyst til å gjere som Pinneguri, og strikke noko i regnbogefargar til ære for borgarmeistaren i Sotsji og hans like?

Når eg ser over prematurluene mine, så ser det ut som eg har vore litt tidleg ute med den regnbogestrikkinga – manglar vel eigentleg berre ei med gul kant, så har eg det.

5 kommentarer:

Monstermønster sa...

Nydelig med perlene foran!

ANNEPÅLANDET sa...

Helt nydelige luer!

Miranne sa...

Eg ser at de begge er "noreply-comment" bloggarar, så: tusen takk, damer - det varmar med slike kommentarar :o)

Garnhekta sa...

Nydelige med perler. Når jeg så dem var det første jeg tenkte, oj et prosjekt til til "regnbuefebruar"

Sølvis blog sa...

Så lekre luer du har strikka