lørdag 28. januar 2012

Nedsnøa

Neidå, ikkje bokstaveleg tala. Kanskje hadde det vore betre.

Spøte kan ein gjere liggande – så det passar bra når ryggen kranglar. Halvferdige vottar vart med eitt meir aktuelle.

 

Selbuvott or not1

“Selbuvott or not” vart nesten ferdige – men så mangla eg garn. Stor var gleda då eg fann ut at ein kollega skulle på bytur. Det er ikkje så veldig mange nyansar å velje mellom i Rauma gammelserie, så dette skulle gå fint. Ho fekk med seg nummer slik for å vere sikker.

 

Selbuvott or not2

Du ser det, du også, ja? Sjølvsagt hadde eg valt den brunaste av dei då eg kjøpte garnet sjølv. Nummeret kollegaen fekk med seg, var frå eit fargekart eg fann på nett. Magebandet var jo forlengst vekke.

 

Jaja, seier du – slikt kan jo alle gjere.

Eg skal til by’n i mars, så dette får ligge og modne så lenge. Inga krise.

 

billevottar3

 

Billedilla sit i enno, den – så eg starta på Entomology-vottane i knitalong-boka.

Dei har enklaste sort tomlar, med innstrikka restetråd som du plukkar ut seinare.

 

billevottar2

 

Fyrste votten gjekk raskt og greit, og så var det jo berre å starte på den andre med det same  - så dei vart like.

Og like vart dei – heilt like. To høgrevottar. Phhhh. Jaudå, eg kunne rekt ned igjen – men eg vel å gjere den ferdig. Etterpå blir det to venstrevottar.

- om eg hugsar på det, då -

 

Kanskje er det best å ikkje fortelje kor mange forsøk eg måtte ha på pin-koden min då mobilen hadde lada seg ut her om dagen.