torsdag 31. mars 2011

Puls

Cellegift har så mange slags biverknader – ei av giftene gjer pasientane veldig vare for kulde ei tid.

puls1

 

Margot Viste tek stadig imot luer til same formål, og ynskjer altså pulsvarmarar og små sjal.

Dette var eit godt høve til å leike med maskemønster og aukingar utan å måtte strikke ein heil vott.

 

puls3

 

Vrirender er gøy å leike med.

 

puls3b

 

Alpakka er fire gonger så varmt som vanleg ull. Perfekt her, altså.

 

puls2

 

Det går fint an å sminke vekk avskalla neglelakk i Photoshop.

 

puls4

 

Luebileta må bli ein annan dag. Modellen er ikkje dressert for lange oppdrag.

 

puls4b

 

Lønna blir lavkarbo mintsjokolade. Manglar berre sjokoladetrekket no. Mmmm.

Kanskje hjelper du Margot, og strikkar nokre par, du også?

søndag 27. mars 2011

Tjuvar

Her om dagen gjorde eg eit veldig bra bytte. Dama eg bytte med, syntest visst at ho gjorde det beste byttet.

Iallefall: eg såg nokre av arbeida hennar for 20 år sidan, og har aldri gløymt dei.

Applikasjon av ein slik kvalitet at einkvar quiltar vil sikle.

 

tjuven 1

Silke på bomull, handsaum utan vlisofix eller annan lim, og nøye tanke for trådretning.

Inspirasjonskjelda er William Morris.  Fantastisk, er det ikkje?

 

tjuven 2

Tittelen er ganske treffande “Druetyver”, sjølvsagt inspirert av “Strawberry Thief”.

For å få liv i druene, er det brukt seks ulike fargar lilla tråd. Det verkar.

 

Kva byttet gjekk ut på? Vel – eg har litt silke på lur.