torsdag 17. februar 2011

Postkassen

I går var det ekstra stas å hente posten:

Åtte yards frå fatquarterquilts.com, og ei signert tredje bok frå Bonnie.

Under skattane ser du litt av quilten eg driv og set saman no. Blokka er frå Bonnie, og er også å finne i denne siste boka.

I dag var det berre ein purring i postkassen, frå Norsk Quilteforbund. Den vart eg glad for, for ein vil då vere med, sjølv om ein har kasta vekk den forrige giroen.

Stoffa er vaska og tørka, og boka har fått fyrste gjennomsyn. Flott, som vanleg.

I dag er sofaen best, og rikelege mengder te for sår hals.