Viser innlegg med etiketten saum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten saum. Vis alle innlegg

torsdag 21. november 2013

Etter messa

- så er eg tre kjolar og tre vesker fattigare, og nokre kroner rikare. Når eg reknar saman, så er det sikkert eit tapsprosjekt i år – men det får så vere. Det er kos å få vist seg fram litt, og det er kos å jobbe intensivt med desse prosjekta i nokre veker. I år hadde eg også ei nyinnkjøpt skreddarsaks som gjorde jobben mykje enklare.

 

vesker messe

 

Eg hadde sydd seks vesker med makrofoto på. Det var lettare å selje blåbær enn småkryp. Rart – det er jo småkrypa som er flottast!

 veskefrontar

 

Ellers var der lett blanding av ting frå ulike produsentar:

Glas Anne Karin

Krus Anne Karin

Glas og porselen frå Anne Karin,

Elisabeth B Moen acryl

akrylmaleri frå Elisabeth,


Glas Wenche Torvanger

glas frå Wenche


Digigrafi Jonas Ravn Øhlckers

og digigrafitrykk frå Lars.

Der var bakst og spekemat, akvarellar og keramikk også.

Det einaste som mangla, var publikum. Me har fått oss nytt handlesenter i bygda, og eg reknar med at mange var der heller enn å gjeste marknaden i Hestetun gard. Slik er det no. Me prøver igjen neste år.

 

DSC_1036

Pinnane er i drift igjen, inspirert av fru Storlien. Det blir små djevlehuver med innstrikka perler. Desse er kjappe å strikke, og eg prøver både sidelengs og nedanfrå og opp.

DSC_1040

No treng eg berre å låne ein baby til å prøve dei på.

torsdag 17. oktober 2013

Best under press?

Jaudå, eg lever, i beste velgåande.

Treninga tok litt over for andre ting denne sommaren, så det var ikkje så mykje å blogge om. Det er vel ikkje nokon av dei som er innom her som har lyst til å lese om kor mange kilo stål eg klarer å løfte i ulike øvingar, eller kor mange poeng det vart i fjellgeit-konkurransen.
Eigentleg så trur eg at eg er best på restitusjonsbiten: god mat og slumring under ein quilt, medan eg legg planar for alt eg skal gjere når hausten kjem.

 

veskefrontar

 

Brått er hausten her, og det er snart messetid, og eg er litt bakpå med det meste – igjen.

Ein tur til by’n i førre veke gjorde godt. No har eg vaska og tørka stoff i fleire dagar, og fekk fylt på att med litt ulike materialar. Nokre vesker skal det bli – med “ekle kryp” på. Må berre kome over glidelåsskrekken igjen. Kjolar trur eg også eg skal få tid til – men heilt sikkert ikkje ti i år.

I dag har eg testa ut eit mobilveskemønster frå michellepatterns. Kanskje skal dei også få foto på seg?

 

mobilvesker

I allefall kan det no bli noko litt meir proft til min eigen telefon no.


russemarius

 

Forresten, når ein driv slik og restituerer seg, så går det heilt fint å strikke – og drikke te – og høyre på lydbok. Russegensaren til frøkna er klar, i god tid. Det er ein mariusgensar med rundfelling i berre to fargar. Eg brukte Drops sitt Merino extra fine, så den er kløfri rett på kroppen.  Dette garnet er litt tjukkare enn garnet i oppskrifta i Mariusboka, så eg gjekk ned ein storleik på masketalet, og det passa fint. Alpakka er altfor varmt for frøkna, og så er det ikkje akkurat spenstig.
Frøkna sjølv er litt medteken for tida, og har erklært at ho “skal aldri meir på russetur”. Det er nemleg slitsamt så lenge etterpå.

mandag 19. august 2013

Smartare

- i alle fall på telefonfronten.

Eg greidde meg lenge med den gamle klapptelefonen, eg – men fekk altså ein smart ein i bursdagsgåve i sommar.

Etter fyrste turen i golvet, fann eg ut at den måtte ha eit “hus”.

 

Mobilhus

 

Akkurat to minutt tok det å skjære ut av ein rest og sy det saman. Og slik ser det ut og!

Tenk at ein quiltar kan gå rundt med noko slikt - -. Men det gjer nytten.

 

Det er mykje å sette seg inn i med dette vidunderet av ein telefon. Det viktigaste er no på plass, og frøkna har hjelpt meg i gang med Wordfeud.

Men som ho seier: “det der var veldig populært for eitt og eit halvt år sidan, det, mamma”.

Kva gjer vel det? Det er no eg kan vere med - og gøy er det. Skulle berre ynskje det fanst ein nynorskversjon.

 

Eg heiter Miranne på Wordfeud også, om du har lyst til å bryne meg.

Mobilhuset får eg kome tilbake til når eg har klekt ut den perfekte løysinga. Kanskje trengst ei hempe – og ei lita lomme til bankkort?

torsdag 9. mai 2013

Teppebombing

Ja, eg lovte vel både den eine og den andre å kome sterkt attende med foto frå utstillinga vår. Dette blir eit langt innlegg – men det er mest foto, så det går vel bra?

 

Utstilling15


Den vart omtalt i lokalavisa  - etter sterkt påtrykk på vakthavande journalist. Ikkje nok å tipse der, nei – eller invitere. Veldig klar beskjed måtte til.

Utstilling1


Når ein ikkje har korkje idrett, og då helst fotball, eller noko som helst om konflikter eller nedgangstider å by på, så er det vel ikkje vidare spennande stoff. Litt rart, då, at det vart ei fyrsteside utav det då artikkelen var skriven.


Utstilling2


Me har fått i oppgåve å levere ein quilt frå Lærdal husflidslag saman med våre, når me leverer neste ladning til “Tepper til glede-aksjonen”. Den har slike stjerneblokker som denne her. Fleire av medlemmane sydde maken på ei sy-saman-helg i haust. Har du lyst til å prøve deg, så ligg det ei veldig grei oppskrift på flygande gjess utan svinn her. Dei dannar blada i åttebladrosa – eller stjernespissane – alt ettersom ein ser det.

Utstilling3


Her ser du to til av dei. Flotte, ikkje sant?


Utstilling5


Me ville vise fram kva me leverer til Haukeland, men også kva me ellers driv med. Jule- og påsketing, og vesker, er alltid aktuelle.


Utstilling6

Utstilling7

Utstilling8

Utstilling9

Utstilling12


Der er ikkje så mykje veggplass, men det løyste me med å bruke stolar til slumreteppa.

Utstilling14


Her er eit foto av heile froskedammen min. Stoffet hadde eg kjøpt på Quilter’s Paradise fyrste gomgen eg var i København, og det låg lenge i hylla medan eg grubla på korleis eg skulle få brukt det utan å lage”froskemos” og kappe dei i bitar. Dette vart løysinga. No er det kanskje ikkje så aktuelt med knallfargar som det var for nokre år sidan – men eg er likevel godt nøgd med det ferdige resultatet, eg. Det måler ca 80x80 cm.

utstilling10       Utstilling20

Det vart nokre foto med portrettobjektiv på slutten. Quilting er veldig spennande på nært hald, også.

Utstilling11    Utstilling13


Utstilling16    Utstilling19


Utstilling22    Utstilling21


Damene på biblioteket har funne fram mange aktuelle bøker, og stilt desse ut saman med quiltane. Godt samarbeid!

Utstilling23

No er me litt spente på om det er fleire som har lyst til å sy saman med oss – gjerne nokon som er litt yngre, også.

Utstilling4

tirsdag 15. januar 2013

Sogn bunadnettverk

 

Ja, eg har nemnt dei før. Ein gjeng damer som brenn for tekstilar. Gamle tekstilar – og teknikkane dei brukte for å lage desse.

Om ei veke i morgo er det tid for ein kveld med dei på museet att. Det er berre ein liten ting: her i huset er det ei frøken som fyller 18 akkurat den dagen. Kanskje går det an å feire med bløtkake dagen etter?

image

Dette kjem til å kreve diplomati. Oreo-kake, iallefall.

torsdag 10. januar 2013

Skattar

Eg minnest eit skrin frå då eg var lita. Pappa sitt skrin, som spelte når ein opna det – og som hadde skattar frå fjerne land. Dei var kjøpte på den store ferda hans til framande land, medan han var på skuleskip, og venta på å bli gamal nok til å ta seg jobb på fabrikken her i bygda.

No er vesparypa like gamal som morfaren var då han vitja Japan og Panamakanalen, og skaffa seg tyttebærtatovering med “Norge” på armen.
Vesparypa skal på russetur til hausten. Tru kva ho kjem heim med?

 

Qatar2012stoffroser

Når eg er på tur, så blir det ofte litt sære ferdaminne – frå litt sære butikkar. Sist var det knappar frå Paris.

 

Qatar2012småspeglar


Ei tid før det var det silke frå Qatar. I haust baud sjansen seg igjen, og eg fekk vitje Qatar nokre dagar.

Qatar2012bandrull3


Også denne gongen vart det litt skattar.

Qatar2012bandrull2

Eg må visst ha meg eit skrin.

Qatar2012bandrull

Eller kanskje ei skattekiste.

 

Kva eg skal bruke det til? Anar ikkje – men pene er dei, både banda, speglane og stoffrosene.

 

“How many meters, Madam? All of it??”

onsdag 21. november 2012

Det gjekk fint!

Eg var så nervøs før fyrste messehelga.

Tenk om ingen likte det eg hadde laga – tenk om eg vart sittande med ti kjolar etter at alt var over - - -.

Tid og pengar var investerte, og eg hadde sjølv teke initiativet til å vere med på dette her.

 

Fyrste kjolen   Fyrste kjolen2

No hadde eg rett nok fått gode tilbakemeldingar på min eigen kjole, den fyrste i chenille.

Test messekjole

 

Og så var det jo veldig gøy å leike seg fram til mønstring på desse kjolane. Denne her er trykt med stofftrykkfarge, men også med dischargepasta, slik at her er både teke vekk og lagt til farge.

Heilt ok til meg sjølv, men litt viltert for salg, kanskje.

Messekjole1


Slik vart den eine av modellane mine. Svart chenille er ikkje det enklaste å fotografere, men eit inntrykk får du iallefall. Ordskya handlar om å høyre heime mellom høge fjell.


Ni av kjolane har gått – og den siste går kanskje i morgo. Iallefall kjem ei dame og prøver den då.

Her er framleis litt Fredriksons fabrikk, med nokre endringar på lengd og vidde.

Alt i alt er eg veldig godt nøgd, og synest det har gått supert. Dette ga meirsmak!

mandag 5. november 2012

So far, so good

Fyrste helga i Hestetun gjekk veldig bra.  Masse folk, bra handel, og  lun og fin stemning. Litt skummelt var det å selje eigne ting slik, men det var mest fyrste kvarteret. Deretter vart det berre kos.

 

Kjoleinfo

 

Eg selde fem av ti kjolar, og er godt nøgd med det. Eg kunne nok selt fleire, hadde eg berre hatt rette fargen i rette størrelsen.

Men på ein såpass liten plass, så er det kanskje nok med ti i nokonlunde same design. Dei eg har att, kan få føter å gå på om to veker. Herleg!


  

Det er kaldt i ein gamal låve, så me måtte kle oss godt. Planane om å kle meg i kjole for å vise dei fram, vart fort endra – til fire lag ull.

Eg fekk lånt meg to utstillingsbyster til å syne kjolar på, og dei var smekrare enn meg.

 

Restesauene4

 

Sinnasaujakken er ferdig, og fekk prøvekøyrt seg i helga. Eg er så fornøyd med den. Masse raumagarn er brukt opp, og jakken er akkurat passe.

 

Restesauer belegg  Restesauer knapp

 

Den fekk seg Libertystoff som belegg på innsida der eg klipte opp, og prikkete knappar frå Stoff og stil.

At eg må flytte to knappar for å få stripene til å stemme, snakkar me ikkje så høgt om.

 

Snart har eg to nitimars flyturar føre meg, så eg må lage meg eit nytt arbeid. Meir striper, trur eg.

No i kveld, medan eg skriv, har eg jammen fått napp på ein kjole til over telefonen. Dette er slett ikkje verst, det – for å vere fyrste forsøk.

 

                                                          Restesauene5