Eg minnest eit skrin frå då eg var lita. Pappa sitt skrin, som spelte når ein opna det – og som hadde skattar frå fjerne land. Dei var kjøpte på den store ferda hans til framande land, medan han var på skuleskip, og venta på å bli gamal nok til å ta seg jobb på fabrikken her i bygda.
No er vesparypa like gamal som morfaren var då han vitja Japan og Panamakanalen, og skaffa seg tyttebærtatovering med “Norge” på armen.
Vesparypa skal på russetur til hausten. Tru kva ho kjem heim med?
Når eg er på tur, så blir det ofte litt sære ferdaminne – frå litt sære butikkar. Sist var det knappar frå Paris.
Ei tid før det var det silke frå Qatar. I haust baud sjansen seg igjen, og eg fekk vitje Qatar nokre dagar.
Også denne gongen vart det litt skattar.
Eller kanskje ei skattekiste.
Kva eg skal bruke det til? Anar ikkje – men pene er dei, både banda, speglane og stoffrosene.
“How many meters, Madam? All of it??”

2 kommentarer:
Godt å ha vakre skattar ein kan nytte som augegodt, gøymt akkurat så godt at det er ei glede å sjå att eller stryke over!
Härliga skatter! Rätta rikedomen!
Legg inn en kommentar