mandag 19. august 2013

Smartare

- i alle fall på telefonfronten.

Eg greidde meg lenge med den gamle klapptelefonen, eg – men fekk altså ein smart ein i bursdagsgåve i sommar.

Etter fyrste turen i golvet, fann eg ut at den måtte ha eit “hus”.

 

Mobilhus

 

Akkurat to minutt tok det å skjære ut av ein rest og sy det saman. Og slik ser det ut og!

Tenk at ein quiltar kan gå rundt med noko slikt - -. Men det gjer nytten.

 

Det er mykje å sette seg inn i med dette vidunderet av ein telefon. Det viktigaste er no på plass, og frøkna har hjelpt meg i gang med Wordfeud.

Men som ho seier: “det der var veldig populært for eitt og eit halvt år sidan, det, mamma”.

Kva gjer vel det? Det er no eg kan vere med - og gøy er det. Skulle berre ynskje det fanst ein nynorskversjon.

 

Eg heiter Miranne på Wordfeud også, om du har lyst til å bryne meg.

Mobilhuset får eg kome tilbake til når eg har klekt ut den perfekte løysinga. Kanskje trengst ei hempe – og ei lita lomme til bankkort?

2 kommentarer:

Gro sa...

Eg vonar du har funne ut av det, for det er ein nynorsk versjon og. Når du skal velje språk, er nynorsk eit val på linje med bokmål og engelsk. Lukke til. Beste helsing GroHumm (på WF)

Miranne sa...

Det har eg, Gro! Eg valde nynorsk, og såg fort at eg fekk bruka i-endingar. Då er det berre å kose seg - og det gjer eg :o)