Eg brukar å ta meg ein tur – ofte saman med mannen – når nabobygda steller til Lærdalsmarknad.
I går måtte han rykke ut på vaktoppdrag, så då tok eg turen aleine.
Det vart ein opplevingsrik dag:
veteranbilutstilling, to gonger tyttebæris frå Feios i løpet av nokre få timar, arabisk kaffi, fekk helse på ein ordførar, fleire palestinarar, og skravle med ei lettare stressa Boops, kjøpte bringebærhonning, to buntar Kaunigarn, passa Jerikobui ein times tid, såg flotte quiltaløparar, og alle dei flotte hattane til Torild Finsrud Velure.
Kameraet låg att heime, men her er fangsten min.
Havskumteppe nummer tre voks også nokre omgangar medan eg passa Jeriko-varene.
Spøtet har vokse litt meir i dag, men eg har også trent to økter. No er me halvveges i konkurransen – og det blir ikkje meir is på meg før me skriv juli månad.
Eg drøymer om den tyttebærisen frå Feios. Kanskje skal eg prøve meg på noko sunt, proteinrikt i ismaskina ein dag. Masse eggekviter, bær, yoghurt og sukrin? Rabarbrais, kanskje?

4 kommentarer:
Eller moser du frukter med melk eller pur. Prosit - sunnhet pur! Hjertelig hilsen jeg sender deg. Jeg fant deg i bloggen. Takk for din fin blog. Jeg heter Viola. Og jeg har sett din fin oppskrift fra votter også. Jeg vil strikke endelig min første votter en gang. Jeg mener for vinteren det er å skape ;-) Hjertelige takk deg. Jeg ønsker deg en veldig god dag.
Tusen takk for kommentar på spinnebloggen min :) Ja, det er kjekt å spinna av sjølvspunne garn. Ser du lagar mykje fint. Tittar nok innom igjen. God helg.
Fint teppe du lager. Nydelig farge.Kaunigarn er lekkert. Har laget et sjal med det garnet.
Klem
Takk for mønster til stripeleik!
Så vottene hos Med pinner og garn, og hun henviste til deg!
Klem fra nord!
Legg inn en kommentar