onsdag 3. mars 2010

Silke

For å begynne der siste innlegget slapp:

er det fleire som har merka at hankjønn har meir sansen for silke og stilettar, enn for fotform og sloggi?

Denne her dukka opp til jul. Silke, lang og stor nok. Lekker!

nayomi

 

Mannen har mange gode eigenskapar. To av dei er klisterhjerne og viljestyrke.
I Doha-avisa The Peninsula fann eg ein stor annonse for Bombay Silk Centre. Ypperleg!
Annonsen låg igjen på hotellet dag etter dag – så også siste dagen vår. Då var det at eigenskapane slo inn: “no ser me om me finn den butikken din”, kom det. Etter meir enn berre litt leiting, og ein køyretur ut av byen og godt på veg til Saudi-Arabia, bråsnudde me – og fann fram. Butikken opna 16.00. Me parkerte 16.02. Hylle på hylle, meter på meter med silkestoff, 7-8 indiske ekspeditørar, og meg som fyrste kunde. Litt betenkt vart eg – men det gjekk veldig fort over.

I dag har eg fotografert fangsten:

sandvaska

sandvaska silke,

råsilke

råsilke,

gylden silke

crépe og sateng,

brokade

silkebrokade

og brokade.

match

Match!

Då eg hadde bestemt meg for at nok var nok, kom det: “How about saris, madam? No? Then you should see our cottons and lovely linens – like the dress you’re wearing, madam. There’s a big department upstairs!”

Eitt blikk på mannen og dottera var nok. Me har alle våre grenser.

faktura silkeEg rekna over fakturaen i dag, og har fått med meg 50 meter silke og 15 meter fór – og litt stash.
Ved nærare ettersyn er det 38 meter silke. Det siste på rekninga er “stæsjet “mitt.
Eg kjenner meg likevel rik.

Då er det ikkje så nøye at det ikkje vart shirtings frå souq’en. Ein må jo prioritere.

syplanar

Dette mønsteret var meint til noko heilt anna, eit lilla ullstoff frå Stoff og stil – men må jo passe ypperleg til brokaden.

Til slutt: kveldsstemning frå verandaen vår. Er det rart me ville vere lenger?

5 kommentarer:

Gudveig HN sa...

Det ser ut til å ha vært en kjempemessig ferie! Og så flotte stoffer du fikk med deg hjem.... er spent på å se hva du lager av dem.

BenteOO sa...

Giiisp - eg trur ikkje du har godt av å vere utanom bøagarden på denne måten - du bør iallefall ikkje fortelje om det på denne måten...
Eg har no tenkt å kose meg i Luster i helga, så får du gjere det beste ut av det i Sogndal!

Men 50?!? kva med litt småbitsal?

Anonym sa...

Der skulle vi ha vøri, Ka'l.
Sukk!!
Sååå nydelege stoff

Ravenhill sa...

Jeg dåner! Utrolig fin fangst. Nå er jeg en smule små misunnelig. Fyyyy, så mye fint du har fått! Nå skal det sys tenker jeg og jeg gleder meg å følge med på hva det blir.
♥ Emily

Nina Lise@Mrs Moen sa...

Fantastiske silkestoffer du har kjøpt, og ja, jeg brukte stabilisator beregnet på silke på silkevesken; jeg tror bare stoffet er altfor glatt til at det sitter. Jeg kommer til å prøve en annen type hvis jeg syr en til.