Arbeidet har vakse siste veka:
Stolpen midt framme tel 13 roser, og no er eg godt i gang med halslinninga.
På tur med åttebladroser som følgje, vert ein litt ekstra merksam på denne forma. Ho er nok ikkje så særnorsk som me likar å tru. Lærdal husflidslag har forresten åttebladroser som gjennomgangstema i jubileumsåret. Ein god idé. Dei rosene skal også ut på langtur til sydlegare strøk etter kvart.
Desse fann eg på eit skrin på Sharq.
Me kjende oss litt som i 1001 natt der.
Men også litt som heime:
Putene har mykje åklevev over seg, ikkje sant? Nesten som nikrossen i sogneåkle.
Neste rosa var i eit heilt anna format:
Me fann henne som blikkfang ved kafeen på Museum of Islamic Art i Doha.
Den siste fann me i handlesenteret Villaggio, i ein golvmosaikk:
Fjortisen og eg var der i timevis, og fann mykje bra både å kjøpe og “windowshoppe”.
Beste kjøpa gjorde eg ein heilt annan stad – men det får bli eit eige innlegg. Stikkordet er silke.

5 kommentarer:
Velkommen heim og du har tilogmed vore flink å sy! Takk for inspirative vakre bilete!
Flittig på ferie er bra! Jeg ble så betatt av den fontena - må da gå an å sy ei slik stjerne, vel.
Har jeg fortalt deg hvor kjekt det er at du blogger? Det tror jeg ikke, men det er det altså!
Takk for hyggeleg kommentar, Elisabeth A. Sjølv er eg klar for å sy ein quilt etter det skrinet. Har jo alt malane frå Lappemakeriet, til deira åttebladroser, men kom aldri i gang. Kanskje sommarsaum?
Prøvar igjen å legge inn kommentar, - openID har ikkje vore samarbeidvilleg i det siste.
Eg vart ganske betatt av mosaikkane, fontena, lyset og stemninga i bilda, - ser ut som de har hatt ein fantastisk tur.
Håpar det går unna med bunadssaumen no :-)
Hi, thanks for visiting my blog. I enjoyed Qatar too but I'm not sure I will ever go back. My brother is leaving there in a couple of weeks to go and live in Singapore.
At the moment they live about 2 minutes from Villaggio. We visited briefly to go food shopping, but a lot of the shops were much like in the UK so I didn't buy anything. I loved the ceiling though, the clouds looked like they moved as you walked below them!
Legg inn en kommentar