Kvardagen er her igjen. Herleg!
Men jammen var det kos å samle dei nære og kjære til fest i helga.
Konfirmanten ynskte seg rosa stæsj.
Den finaste duken min vart plukka fram – og her er jammen fleire slag åttebladroser.
Duken hadde mormor merkt, så det var ingen tvil om at ho ville den skulle bli min.
Dei finaste nuperellene vart også henta fram.
Til og med i kakefata var rosa eit tema -
Farfar slo til med det flottaste perlekjedet eg har sett.
Me har huset fullt av dei lekraste blomster, og gleder oss over dei kvar dag no.
Konfirmanten vil ikkje bli blogga, så det blir ingen bunadbilde av den nykonfirmerte med stolte foreldre og besteforeldre.
Det får bli eitt av konfirmanten dagen etter - då ho viste seg sjølv og andre at ho kan og tør. Pausen frå cross har vart i to år – etter eit stygt fall.
Litt synd at me ikkje har fleire konfirmantar – for no har me jo fått ein gjennomgang, og “kan” det til neste gong.

1 kommentar:
Vel overstått og takk for rosa innblikk - vart verkeleg mjuk i blikket - det vart ekstra vakkert med hjelp av det siste biletet!
Ikkje ver redd, - selskapskunnskap kan alltids nyttast igjen!!!
t.d. Eventbyrå - lag vakre konfirmasjonar i nabolaget kvart år... eller familiefest annakvart år berre fordi ein har lyst...
Legg inn en kommentar