mandag 5. april 2010

Za’tar

På sjølvast vetlejulafta fekk eg levert za’tar på døra. Frå Jeriko. Kanskje den beste julegåva eg fekk.

Det er tanken som tel – men også smaken.

I januar fekk eg meir za’tar. Denne gongen frå Libanon. Via Qatar.
Den libanesiske er fantastisk intens i både smak og lukt. Mmmmm. Så var den visst også av aller beste sort, forstod eg.

Anissa Hanou's Mediterranean Street Food har denne oppskrifta på herlegheita:

2 parts powdered dried thyme
1 part sumac
1/2 part toasted sesame seeds
salt to taste

 

Korleis eg brukar det?

- blanda med god olivenolje, smurt på gjærdeig til horn med noko godt i svingane

- som dip til arabisk brød

- oppå butterdeig, steikt sprøtt i omnen

 

Libanesarane trur za’tar gjev eit vake sinn og ein sterk kropp, og startar gjerne dagen med man’oush, som er flatt, nysteikt brød med eit lag za’tar utrørt i olivenolje, på toppen.

Eg oppbevarer skattane mine i fryseboksen, i heilt tette boksar, og unner meg litt av og til.

Ingen andre her i huset likar det. Heilt ok for meg.

Ein stor kopp Earl Grey, gjerne frå Fortnum & Mason, med mjølk i, er perfekt følgje.

1 kommentar:

BenteOO sa...

skal ein tur innom Øvre i morgon - kjenner eg hadde trengt kos med litt brød med za'tar og ein god tekopp - er sjukeleg og manglar dei rette smakssansane... - neste gong!

Men luktene vert framkalla når bildet av brødet treff netthinna...