Bunadsaum er heilt ok – og må berre gjerast.
Men det manglar farge i eit svartsaumbroderi, stramt og lekkert som det er.
Noro har kuren for dette. Ikkje fordi det er så mjukt og behageleg, og heller ikkje fordi det er spesielt godt å strikke med. Kun fordi det har så fantastisk flotte fargar! Evilla og Kauni er heilt ok, dei – men Noro er meisteren når det er snakk om fargar.
No er spørsmålet om eg skal stripe desse fargane med kvarandre, eller stripe kvart nøste med like tynt einsfarga. Dei skal iallefall vere knesokkar, strikka frå tåa og opp.
Dersom eg broderer ei åttebladrose for dagen, så kan eg vel bevilge meg litt Noro til kvelden?

3 kommentarer:
Høres ut som en god plan med litt broderi og litt strikking. Her fikk jeg ikke fram sømmens mens det var dagslys i dag, måtte ta en diger haug med snø, og så kom her middagsgjester etterpå. Hvor får du tak i noro?
Klikkar du på Noro-linken i innlegget, så kjem du til Pinnsvin design i Bergen. Kjapp og grei service.
Hei,
Takk for helsing og tips om bretting av papirblomar! Har ikkje prøvd enno, men har planar om å gjere eit forsøk snart. Har bretta ein del origami i nokre år, og tenker eg skal klare blomane, óg:)
Spanande garn du har skaffa deg, forresten...spanande å sjå resultatet.
Eg legg meg til som fyljar, vonar det er greit:)
Ha ein fin kveld!
Legg inn en kommentar