søndag 31. januar 2010

Kaldt!

- og så no som me trudde den verste kulden var over.

-17 grader i kveld. Det minkar stygt på veden no om dagane.

Då kan det passe å tenkje på hovudplagg:

We call them Pirates baby

Denne er strikka i Dale babyull, og passar til ein barsk eittåring.

We call them Pirates vaksen

Denne er i  finull, og var meint til min kjære. No er han ein ganske stor kar, så det spørst no korleis det går.

Mønsteret er We Call Them Pirates av Adrian Bizilia.

 

Stripa lue

Kanskje passar denne. Veldig gøy å strikke, så det blir nok fleire slike. Tenkjer meg litt tynnare garn – gjerne med fargeskift i. Då må eg legge opp fleire maskar, og strikke fleire omgangar i kvar kile.

Finske Mari Muinonen har ein fin vri på dette . Ho er også ein spennande strikkedesigner med mønstre som Sylvi på CV’en.

Tychus er designa av Brooke T. Higgins.

onsdag 27. januar 2010

Ein start

Her skal feirast konfirmasjon til våren.

Sjølv om konfirmanten vel det minst tradisjonelle løpet, så blir det veldig tradisjonell finstas. Som eldste jentebarnebarn, har ho fått overta mormor sin bunad.
Den er komplett med grøn silkeskjorte, noko som kun skal brukast av godt vaksne sognedamer, og slett ikkje av konfirmantar. Dermed må jenta få ny kvit skjorte.

Det er ingen veg utanom, no må jobben gjerast:

Ein start

Starten er litt famlande, for det er lenge mellom kvar gong eg broderer korssting.

 

Så får heller mitt eige skjorteprosjekt ligge litt lenger på vent. Eg har silkeskjorte, men kan godt tenkje meg ei kvit også, etter at mi eiga konfirmantskjorte krympa så gale i skåpet.

Smøyg og holbein

 

Det var gøy å sy smøyg – no er det ein del holbeinsaum som står igjen. Dette syr eg på skjortelin, så det krevst både konsentrasjon og godt lys. 

Holbein

 

Tolmod kjem også godt med. Premien blir ei sjeldan vakker skjorte – ein dag.

Draumen er å sy meg den rekonstruerte drakten, så kan konfirmanten etter kvart overta bunaden eg har no, om hennar skulle krympe i skåpet.

onsdag 20. januar 2010

10158

er talet på "Baby Surprise Jackets" på Ravelry akkurat no.

Mønsteret er ein ekte ‘68-modell. Genialt – og veldig gøy å strikke. Eg har gitt vekk ein heil del, og har alltid nokre på lur. Dei er strikka med knapphol på begge stolpane framme, så det er fort gjort å sy i knappar alt ettersom det er gut eller jente som skal få gåve.

Desse jakkane har fått meg til å endre syn på rillestrikk. No synest eg det er vakkert. Ta til dømes ein titt på denne.

BSJ 1

Denne er strikka i Viking Pure MILK Fiber, og ventar på knappar.

BSJ 1 med lue

Den vesle djevellua frå “Gros lille krok” passar veldig fint til. Snorene i lua er “Idiot Cord” strikka rundt på tre maskar og to pinnar etter Elizabeth Zimmerman si oppskrift.

BSJ 2

Denne er i Baby Silk

BSJ 3

- og det er den siste også.

Elizabeth Zimmerman var ein genial strikkedesigner med masse humor, og det er ei glede å lese strikkebøkene hennar. Sjekk dei sjølv, og start gjerne med denne.