- og så no som me trudde den verste kulden var over.
-17 grader i kveld. Det minkar stygt på veden no om dagane.
Då kan det passe å tenkje på hovudplagg:
Denne er strikka i Dale babyull, og passar til ein barsk eittåring.
Denne er i finull, og var meint til min kjære. No er han ein ganske stor kar, så det spørst no korleis det går.
Mønsteret er We Call Them Pirates av Adrian Bizilia.
Kanskje passar denne. Veldig gøy å strikke, så det blir nok fleire slike. Tenkjer meg litt tynnare garn – gjerne med fargeskift i. Då må eg legge opp fleire maskar, og strikke fleire omgangar i kvar kile.
Finske Mari Muinonen har ein fin vri på dette . Ho er også ein spennande strikkedesigner med mønstre som Sylvi på CV’en.
Tychus er designa av Brooke T. Higgins.
