Her skal feirast konfirmasjon til våren.
Sjølv om konfirmanten vel det minst tradisjonelle løpet, så blir det veldig tradisjonell finstas. Som eldste jentebarnebarn, har ho fått overta mormor sin bunad.
Den er komplett med grøn silkeskjorte, noko som kun skal brukast av godt vaksne sognedamer, og slett ikkje av konfirmantar. Dermed må jenta få ny kvit skjorte.
Det er ingen veg utanom, no må jobben gjerast:
Starten er litt famlande, for det er lenge mellom kvar gong eg broderer korssting.
Så får heller mitt eige skjorteprosjekt ligge litt lenger på vent. Eg har silkeskjorte, men kan godt tenkje meg ei kvit også, etter at mi eiga konfirmantskjorte krympa så gale i skåpet.
Det var gøy å sy smøyg – no er det ein del holbeinsaum som står igjen. Dette syr eg på skjortelin, så det krevst både konsentrasjon og godt lys.
Tolmod kjem også godt med. Premien blir ei sjeldan vakker skjorte – ein dag.
Draumen er å sy meg den rekonstruerte drakten, så kan konfirmanten etter kvart overta bunaden eg har no, om hennar skulle krympe i skåpet.