Quiltelaget fyller 20 år i år.
Samstundes rundar me 100 – quiltar leverte til Haukeland Sykehus sin barneklinikk gjennom BQL sin aksjon.
Bidraga mine i denne omgangen er to quiltar av enklaste slag, men i lekre stoff, synest eg sjølv. Ikkje akkurat yndige – men likevel. Det er noko med dei.
- som den vesle oransje biten lukkekant i alt det blågrøne. Den trengtest akkurat der. Håpar mottakar ser den, og kan glede seg over slikt. Og over fuglar.
Baksidene er i mjuk flanell. Eg knabba Linus til merkelapp, og håpar å styre unna copyright-søksmål. Han er jo som skapt til formålet.
Oppskrift på quiltane?
24 stk 10” stoffbitar, sydde saman seks i høgda og fire i breidda. Då blir toppen snaue 100x150 cm, og passar måla på vatt i str “crib quilt”. Vanleg stoffbreidd passar også til bakstykke. Veldig enkelt, men fint om du har samla fleire stoff med eit tema – eller om du har snopa litt på nettet. Layer cakes har rette måla, om du vil ha ferdige bitar.