torsdag 17. juni 2010

På vent

Ei quiltevenninne er i ferd med å skaffe seg longarm.

Carolina Christmas topp

Då kan ein jo med godt samvit samle seg nokre toppar, så lenge. Dette er min Carolina Christmas.

pus og niarar

Blå niarblokkar kan også bli til noko – som kan vente ei stund.

blå niarar

Det er meir der dei kjem frå. Mykje meir.

søndag 13. juni 2010

Favoritten

Kaffe Fasset var i Birmingham i august. Det var mange av stoffa hans også.

Fassett 1

Eg kjøpte ein pakke med 20 lappar på 10”. Og så hadde eg jo litt heime  –.

Fassett 2

Det er jo nesten for gale å skjære i så vakre stoff, så det vart slik.

Fassett 3

Inni er det silkevatt. Lett, tynn og varm. Karin har den. Eg ventar på meir i posten, til handquilteprosjekt i sommar. Gledar meg!

 Fassett med merking

Tepper til glede

Quiltelaget fyller 20 år i år.
Samstundes rundar me 100 – quiltar leverte til Haukeland Sykehus sin barneklinikk gjennom BQL sin aksjon.

fugleglede

Bidraga mine i denne omgangen er to quiltar av enklaste slag, men i lekre stoff, synest eg sjølv. Ikkje akkurat yndige – men likevel. Det er noko med dei.

Oransje

- som den vesle oransje biten lukkekant i alt det blågrøne. Den trengtest akkurat der. Håpar mottakar ser den, og kan glede seg over slikt. Og over fuglar.

Linus med teppet

Baksidene er i mjuk flanell. Eg knabba Linus til merkelapp, og håpar å styre unna copyright-søksmål. Han er jo som skapt til formålet.

Oppskrift på quiltane?

24 stk 10” stoffbitar, sydde saman seks i høgda og fire i breidda. Då blir toppen snaue 100x150 cm, og passar måla på vatt i str “crib quilt”. Vanleg stoffbreidd passar også til bakstykke. Veldig enkelt, men fint om du har samla fleire stoff med eit tema – eller om du har snopa litt på nettet. Layer cakes har rette måla, om du vil ha ferdige bitar.