fredag 13. august 2010

Solhatt

I fjor fann eg eit nyttig, lite mønster: Korleis konstruere din eigen solhatt.
Last year i found this handy pattern for constructing sunhats.

Solhatt1Solhatt2

Det blei nokre hattar, også i år.
I made some, and some more this year.

Solhatt3Solhatt4
Solhatt5 Solhatt6

Eg passa på å ha dei klare til modellen min ville samarbeide.
I kept them ready for whenever my model was in the mood for a photoshoot.

Solhatt7 Solhatt8

Ho likar ikkje å vere for synleg på nett , og det er jo fornuftig.
She doesn’t wish to appear in her mom’s blog. Sensible, that one.

Solhatt9Solhatt10

Mykje kan tryllast vekk i Photoshop. Det var jo solhattane de skulle få sjå. Likevel får eg litt assosiasjonar til "det usynlige barnet" i Mummidalen. Huff!

Blei dei ikkje fine? Den med flugene er favoritten min. Eg har ikkje gitt opp sommaren enno, så den ligg klar til bruk.

Berre for å ha nemnt det: det er fem hattar, vendbare.

Things like faces can magically disappear in Photoshop. You were supposed to see the sunhats, not a pretty 15-year-old.
Aren’t they pretty? The one with flies on is my favourite.
Just to mention it: these are five hats, all reversible.

torsdag 12. august 2010

Vespa

Med eitt hankjønn og to damer i hus, så gjekk det som det måtte gå:

Vespa

Ingen argument om store hjul og køyreeigenskapar slo gjennom. Stil betyr alt!

Inspirert av Bente sin innsats på syrommet, tok eg dei nyinnkjøpte vestane frå Biltema fatt i går kveld.

L

Ikkje så fancy og forseggjort – men dei verkar:

i gang

Til ein slik doning må det vel noko anna enn MX-hjelm til  – slik etter kvart.

No tel “stallen” to bilar, ein “crossar”, ein scooter og ein MC, fire trøsyklar, ein grasklippar, ein mosefresar og ein terrassevaskar.

Godt mannen er i  gang med ny utebod.

søndag 8. august 2010

Borte bra, heime best

Vaskemaskina går – og ting kjem sakte på plass. Feriefrilaurdag. Herleg.

Signallav1 Signallav2

Det blei tid til litt foto på snarturen til Trøndelag, innimellom bygene.

Buvikfjøra

Jaudå, gult kan vere vakkert – men eg likar det ikkje.

 

Reinfann på Skjæret

Dette er visst i ferd med å bli alt anna enn ein handarbeidsblogg.

Eg har planar om spøting snart, og har vore her og her og snopa i kveld. Har litt garn på lur enno, etter eit lokalt opphørssalg.