Det har sine sider å køyre sykkel.
Oftast skjer det utan øyrepynt, for hjelm er trangt – som det skal vere.
Så vil jo gjerne damer vere litt pynta når dei skal i bokring saman med andre damer, etter å ha vore ein tur innom husflidslaget fyrst.
Vel på plass i sofaen med damene onsdag kveld, mangla det ein øyredobb. Ein av dei to fine frå Doha, fått av mannen i bursdagsgåve. Krise!
Neste dag, rusta for lang leiteekspedisjon, fann eg den i tunet, heilt uskadd. Griseflaks!
Det ordnar seg for snille jenter.
