søndag 17. oktober 2010

Broken English

Det er slemt å gjere narr, eg veit det.
Likevel, eg blir så fnisete kvar gong eg tek ferja over fjorden, at eg må dele:

It has been there for years, and still makes me giggle a bit every time I enter the older ferries to cross the fjord. Our newest ferry has a boring one – with perfect wording.

No har eg hatt nokre turar att og fram siste vekene, og ryggen kranglar nesten ikkje.
Kva skulle eg gjort utan kiropraktor?

Nyaste ferja på sambandet har forresten eit skilt på uklanderleg engelsk. Litt kjedeleg, eigentleg.

mandag 11. oktober 2010

Når ryggen kranglar

- blir det mange små turar på mjukt underlag.

Tur 1

Heldigvis er både veret og omgjevnadene på mi side.

tur2

Så kan ein jo leike litt med fokus, opningstid og slikt på vegen.

Kjuke

 

Strikke kan ein heldigvis gjere både liggande og gåande.

Nessie on the needles

I morgo er det tid for kiropraktor igjen. Ikkje heilt den haustferien eg hadde sett for meg –

lørdag 2. oktober 2010

Lost and found

Det har sine sider å køyre sykkel.

Oftast skjer det utan øyrepynt, for hjelm er trangt – som det skal vere.

Så vil jo gjerne damer vere litt pynta når dei skal i bokring saman med andre damer, etter å ha vore ein tur innom husflidslaget fyrst.

Vel på plass i sofaen med damene onsdag kveld, mangla det ein øyredobb. Ein av dei to fine frå Doha, fått av mannen i bursdagsgåve. Krise!

Neste dag, rusta for lang leiteekspedisjon, fann eg den i tunet, heilt uskadd. Griseflaks!

Det ordnar seg for snille jenter.