fredag 5. november 2010

Messe!

Siste detaljar på plass, for i morgo skjer det.

messe1

Husflidslaget har den årlege salgsmessa, og eg har leikt meg med sølv og halvedelsteinar.

messe

Nyttige saker for strikkarar – ganske pene også.

messe3

Men det blir nok baksten som blir mest populær i år også.

Snart skal me møtast for å rigge til utstillinga vår – etter same mal som i fjor  - og året før. Så skal me heim for å bake kaker til kafeen vår – som i fjor – og året før.

Gledar meg!

mandag 1. november 2010

Hurra!

- for eittårsdagen!

Fjortisen og eg har trekt ein vinnar. Ho ville gjerne videoblogge hendinga, men mor er ikkje så eventyrlysten.

Me gjer det på gamlemåten:

Trekning

Astrid, sender du meg ei postadresse, så kjem det ein konvolutt i posten til deg no ein dag.

Takk til dykk som var med på leiken.

Det vart sein kveld, dette her – men dagen har gått til jobb og quiltelagskveld, og vipps så er det no snart leggetid.

Quiltelagsdamene har fått ei innføring i fotooverføring til stoff i kveld. Trur det var greit med eit skriftleg samandrag med i veska heim.

onsdag 20. oktober 2010

Gibort (giveaway)

Berre 11 dagar igjen til eittårsdag!
Det må feirast, for dette har vore eit kjekt år.
Eg har oppdaga at maskemarkørar er kjekke å ha – dei held orden i spøtet, og så kan dei vere som små smykke. Mona Mono solgte meg nokre fine for ei stund sidan.

Krystall, ametyst og sølv
Desse, som er av eigen produksjon, er no verkeleg små smykke – i sølv, krystall og ametyst. Det er snart julemessetid i husflidslaget, og desse her er veldig hemmelege, altså.

Mamma held alltid korta tett til bringa i vekene før messa, og i år er eg visst smitta av henne. Så hysssj!
Har du lyst til å vere med på trekninga, så legg igjen ein kommentar til dette innlegget.
1. november trekker eg.

My first anniversary in Bloglandia is coming up soon.
That calls for a celebration, don't you agree?

As I have just discovered the blessings of stitchmarkers - proper, pretty stichmarkers, not the tacky plastic ones - I will be happy to share. The set pictured above is made from silver, crystal and amethyst. I am in the process of making some more of these, as our crafts guild's annual fair is coming up. I am very secretive about them, so don't tell anyone.

If you would like to be in the draw, just leave me a comment below.

I will be drawing a winner on the very first day of November.