torsdag 17. februar 2011

Postkassen

I går var det ekstra stas å hente posten:

Åtte yards frå fatquarterquilts.com, og ei signert tredje bok frå Bonnie.

Under skattane ser du litt av quilten eg driv og set saman no. Blokka er frå Bonnie, og er også å finne i denne siste boka.

I dag var det berre ein purring i postkassen, frå Norsk Quilteforbund. Den vart eg glad for, for ein vil då vere med, sjølv om ein har kasta vekk den forrige giroen.

Stoffa er vaska og tørka, og boka har fått fyrste gjennomsyn. Flott, som vanleg.

I dag er sofaen best, og rikelege mengder te for sår hals.

torsdag 27. januar 2011

Med perler

Det går an å bli hekta – heilt hekta – på strikking.
Totally hooked – on knitting.

 

Lekkert garn og vakre perler gjev ei kjensle av luksus.
Gorgeous yarn and beautiful beads bring a sense of luxury.

 

Eit enkelt maskemønster er alt som skal til. Så er det berre å late hendene jobbe.
A simple lace repeat is all that is needed. The rest is meditative work.

 

 

Alpakka er varmt og mjukt, og klør ikkje på nakne hovud som manglar hår ei tid.
Alpaca is soft and warm, and isn’t itchy on hairless heads.



Babyull er heller ikkje å forakte. Her er borden eg streva slik med i forrige innlegg. Den gjer seg kring ei lue, også.
Merino baby wool isn’t bad, either. Here’s the border that I struggled with the other day. It lends itself well to a cap.

 

 

Eg sender dei til Margot, så kjem dei til nytte. Då kan eg med godt samvit kjøpe fleire buntar lekkert garn.
They are intended as chemo caps, and will be put to good use.
I am left with a good feeling – and can allow myself some more gorgeous yarn.

EIn må jo halde liv i lokale garnbutikkar, ikkje sant?
It is important to support your local yarn store, right?

 

D90’en er til reparasjon – igjen – men det går brukbart med ein PowerShot og godt dagslys, også.
Our D90 needs fixing – again – but plenty of daylight and a PowerShot does the job too.

onsdag 12. januar 2011

Mønster

Pinneguri legg ut fine sokkemønster for tida – og strevar med å kalle seg designer…. Pinneguri publishes lovely patterns these days – and still has a hard time calling herself a designer . . .

sokker_asockcalledsue_ferdig-pinneguri   5280167378_489a9ee754_b_pinneguri

Akkurat – enkelte andre hadde store vyer, stort studielån og lang tid utanfor landets grenser for å få papir på det der.
Right . . . certain other persons had it all worked out, and spent a great deal of time abroad, and a substantial amount of money to obtain a paper with the writing BA Textile Design on it.

Det enda med ein deltidsjobb som handlar meir om god drikke til mat enn gode fargekombinasjonar og spennande maskemønstre.
I ended up with a part time job that is about combining food and drink rather than stitch patterns and colour combinations.

“Kvitteringen ligg i posen. Håpar det blir bra til biffen i kveld.”


Eg tenkte eg skulle strikke Multnomah. Eit sjal som 3574 har skrive om på Ravelry, må då vere greit – sjølv om det er hôlmønster i det. Eg har litt vegring der.
I planned on knitting Multnomah. A shawl that 3574 people have described on Ravelry, should be a straightforward project – even if there is lace in it. I am a bit weary about lace. 

Etter tre forsøk på å starte blonden i Evilla 8/1, gjekk eg over til babyull, og rett på borden.

Fire forsøk seinare, var eg sikker på at mønsteret var feil. Så sikker var eg, at eg fann det fram att, og las nøye gjennom det for å finne feilen (den same som dei 3574 hadde funne ut av utan å legge ut rettingar på Ravelry. Er ikkje det dårleg gjort?)
Seven attempts later, I was certain tha pattern was wrong. 3574 people had discovered this, and made their corrections without leaving a word about it in their Ravelry-notes.  

Feather and fan

Kva er sjansen for det?
Really – how likely is that? 

Det lønner seg å lese mønster grundig! – og merke seg kvar rapporten startar og sluttar.
It pays off reading the pattern thoroughly! – and paying close attention to where the repeat starts and ends.

Multnomah

I dag felte eg av dei siste maskane. No skal det blokkast. Trur det blir fint, eg. De skal få sjå.

Iallefall skal eg gå veldig stille i dørene lenge om den der designergreia mi – og så attpåtil med strikking som fordjupning. Flaut!
I will keep a very low profile about that BA of mine – for a very long time.
I even did my final year project on knitting. Yes, I am embarrassed.


Den borden var forresten veldig pen  - og kan heilt sikkert brukast i eit gensarprosjekt også, om altså designeren i meg skulle glimte til ein dag. Her ligg litt garn på vent - - -.
That feather-and-fan border is really pretty. I am sure I can use it in a sweater, too – Jared Flood style, if my inner designer should decide to reappear some day. I’ve got some yarn stashed. . . .