mandag 4. april 2011

Ein pris!

Nei, ikkje snus. Ein bloggepris, eller award, som det heiter på det aller nyaste norske målet.

Tusen takk, Trine. Kjekt – og litt forpliktande.

Awarden skal vidare til fem bloggarar som har mindre enn 100 følgjarar, slik at me kan inspirere kvarandre.

Slik er reglane:

1. Ein må linke til den ein fekk prisen frå.
2. Ein må sende prisen vidare til fem andre bloggarar
3. Ein må svare på fem spørsmål

Eg velgjer meg

Den raude tråden
Fru Storlien
Sigrun
Torirot
Sølvi

Ok – så lang alt vel. Då var det spørsmåla:

1. Kvifor starta du å blogge?
Eg innsåg etter kvart at webshots kanskje ikkje var det beste mediet for tekst.
Eg såg at bloggeverda kunne passe meg – tanken var ein rein quilteblogg, men den lever litt sitt eige liv, der foto er viktig.

2. Kva slags bloggar følgjer du?
Quilting, strikking, mat, trening og foto – og så snik eg litt i interiørbloggar av og til.

3. Favorittfarge?
Lilla

4. Favorittfilm(ar)
“Stekte grønne tomater”, “Den grønne mil”, “Seven”

5. Kva land vil du besøke, og kvifor?
Australia – for Uluru, kenguruar og vin
Kina – for historie, kultur og silke
Libanon  - for vener, maten og vin
England – for humor, te og herleg Queen’s English

IMG_5639 256

Det går jo ikkje an å avslutte eit innlegg heilt utan foto. Dette er teke med ryggen til kapellet på Hermitage-åsen i Rhône. Det ville vere heilt ok å kome dit igjen, også.

torsdag 31. mars 2011

Puls

Cellegift har så mange slags biverknader – ei av giftene gjer pasientane veldig vare for kulde ei tid.

puls1

 

Margot Viste tek stadig imot luer til same formål, og ynskjer altså pulsvarmarar og små sjal.

Dette var eit godt høve til å leike med maskemønster og aukingar utan å måtte strikke ein heil vott.

 

puls3

 

Vrirender er gøy å leike med.

 

puls3b

 

Alpakka er fire gonger så varmt som vanleg ull. Perfekt her, altså.

 

puls2

 

Det går fint an å sminke vekk avskalla neglelakk i Photoshop.

 

puls4

 

Luebileta må bli ein annan dag. Modellen er ikkje dressert for lange oppdrag.

 

puls4b

 

Lønna blir lavkarbo mintsjokolade. Manglar berre sjokoladetrekket no. Mmmm.

Kanskje hjelper du Margot, og strikkar nokre par, du også?

søndag 27. mars 2011

Tjuvar

Her om dagen gjorde eg eit veldig bra bytte. Dama eg bytte med, syntest visst at ho gjorde det beste byttet.

Iallefall: eg såg nokre av arbeida hennar for 20 år sidan, og har aldri gløymt dei.

Applikasjon av ein slik kvalitet at einkvar quiltar vil sikle.

 

tjuven 1

Silke på bomull, handsaum utan vlisofix eller annan lim, og nøye tanke for trådretning.

Inspirasjonskjelda er William Morris.  Fantastisk, er det ikkje?

 

tjuven 2

Tittelen er ganske treffande “Druetyver”, sjølvsagt inspirert av “Strawberry Thief”.

For å få liv i druene, er det brukt seks ulike fargar lilla tråd. Det verkar.

 

Kva byttet gjekk ut på? Vel – eg har litt silke på lur.