Eller som Elizabeth Zimmermann ville ha sagt det: “pithy directions”
Det var einkvan som etterlyste mønster. Her kjem ei litt lausleg oppskrift, som nok krev at du har strikka før.
Det har vel dei fleste gjort – iallefall dei som er innom her, trur eg.
Kanskje krevst det også at du tenkjer på same måte som meg.
Iallefall:
Eg la opp 54m, strikka ribb 4r 2vr ca 10 cm. Auka til tommel innanfor dei to rette kantmaskane i ei av dei rette ribberadene på annankvar omg til tot. 16 rette der. Strikka 4 omgangar til med rett over rett, vr over vr. Sette av dei 16 rette til tommel, la opp 10m bak tommelen og fortsette rundt i ribb ca 3cm. Felte av. Tok opp 10 m i opplegget på tommelen, strikka den rundt med 2vr på kvar side av dei 16 rette. Felte 2 ggr innanfor den rette kantm. i dei 16 rette, på annankvar pinne. Str. til tommel like lang som hand, og felte av.
Dette er grunnmønster, med masse rom for leik med vriborder. Legg til nokre ekstra m om du vil vri, for det “stel” vidde.
Vriborden på biletet er strikka over åtte maskar. Alle dei andre felta med rette maskar er over fire m.
Eg har brukt ulike alpakkagarn i den tynne kvaliteten frå litt ulike produsentar.
Ei lita åtvaring er på sin plass: dette er sterkt vanedannande!
Ha det gøy.
Redigert 25.01.2013: ser eg har litt besøk her. Difor: klikk på bildet, så kan du laste ned sida som pdf.
