søndag 15. mai 2011

Knappelukke

I desse bunadtider må ein pusse og gni litt.

Den grøne silkeskjorta var moden for ein vask i fjor, men blei hengt vekk med flekkene på.

Tilliten min til det lokale renseriet er berre slik passe, så i dag gjekk eg laus med lunka vatn og spesialsåpe til silke.

Vaskevatnet vitna om mange års bruk og lufting, og heller lite vatn. Eg vaska heile skjorta i maskin også, på ullprogram, med Milo. Det ser ut til å ha gått fint.

 

Knappar3

 

Knappane i skjorta sprette eg av, og har nytta høvet til ein god puss.

 

Knappar

 

På eit bunadseminar ein gong, kom eg i disputt med fleire av bunaddamene på Husfliden i Bergen om desse knappane. Dei var samde om at knappane mine var “feil”, og ikkje seine om å fortelje meg det.

 

Knapp

 

Det skulle vere sju mindre knappar i silkeskjorta frå Sogn, basta.

 

Knappar2

 

Knappane er arvegods, sprette ut av ei trøye etter oldefar. Ser ein nøye etter, ser ein at dei er laga av dansknorske skillingar frå omlag hundre år før perioden drakta er frå.

Skulle eg verkeleg heller ha kjøpt nye knappar til silkeskjorta mi?

Sjølv bergensk bunadekspertise tagnar av og til.

 

Knappar4

 

Alt det andre bunadsølvet mitt er kjøpt nytt, ettersom det var syster mi som vart oppkalla etter den bestemora som hadde bunad.

søndag 8. mai 2011

Froskesafari

Når me er på feriestaden i Fjaler, går me ofte på froskesafari om det er vått vær. Padder finst der og.

 

froskeegg2

 

Eg veit det er tida no, så eg tok ein tur her i nærområdet med kamera. For seint. Egga var ferdig lagde.

 

froskeegg

 

Får ta ein tur tilbake om nokre veker – då er det vel meir fres i dammen.

 

egg1

 

Fascinerande greier.

 

maigull1   maigull2

 

Maigull fann eg også.

 

potent bregne

 

Og herleg potente bregner – ser ut som dei står klare til å sprette.

lørdag 7. mai 2011

Lakris

I dag er det den humanistiske konfirmasjonsdagen her i indre strok. Hurra!

 

Oreo2

 

Eg og trøsyklisten skulle levere ei kake til nettopp ein slik fest i dag. Godt å ha med ein assistent til å halde kaka på rett kjøl heile turen.

 

Oreo1

 

Etter me hadde levert kaka, så kom det: å, mamma, kan me ikkje køyra oss ein tur?

Det gjorde me, og enda på kaffi og is hjå "den raude tråden".

Jenta vart etter kvart breidd ned i ein nydeleg quilt. Litt tidleg for shorts enno.

Koseleg prat, og nydeleg lakris-is til kaffien. Ny for meg. Farleg freistande i lavkarbo-tider!

 

Oreo3

 

Kameraet er jo sjeldan med på kakelevering, så her vert berre foto av den omtalte kaka.

Kommentaren på heimtur: dei var koselege!

Kjekt med ungar som veks til.