mandag 11. juli 2011

Hurra for meg!

Pryd

 

Sein, fin frukost med fem overnattingsgjester. “Hurra for deg”, og triveleg lat feriemodus for alle.

Det er heilt ok å vere eitt år nærare femti. Eigentleg er det jo berre ein dag nærare, om ein ser slik på det.

lørdag 9. juli 2011

Vel heime

- og vaskemaskina går for fullt. Solkrem, sand og salt skal vekk.

Spleisebrød og G35 smakar ekstra godt på slike dagar.

Ferieminne er samla til seinare inspirasjon.

Klare til å verte henta fram når vinteren kjem.

Etter ein slik vinter, er symjeturar i Middelhavet nesten påkrevd.

Tidtrøyte under parasollen er viktig – like viktig som solkrem. Ikkje alle hudtypar er skapte for langvarig soling.

Både Old Norwegian – opplegg og luemodellen Windschief er testa. Ein kan jo ikkje berre spele Yatzy.

All inclusive?

Det er slitsomt å drive i restaurantbransjen på Kypros i desse dagar.

Turistane har nemleg bestemt seg for å ta all inclusive-pakker. Ikkje alle, men mange.
Så mange at det merkast. Fleire og fleire for kvart år, seiest det.

Har den pågåande tyrkiske “innkastaren” skote både seg sjølv - og alle andre i bransjen - i foten?

Er det slik kring heile Middelhavet? Held det på å vekse fram ein ny pakketurkultur?

Er den lokale tavernaen snart borte?