søndag 16. oktober 2011

Fotolys

Ein må nytte det medan ein har det. Her kjem fleire foto av syprosjektet mitt:


Dei fyrste er frå same kjolen. Eg overhøyrde ein samtale mellom kollegaen og mannen her ein dag:

“Nei, eg skal på spinning etter jobb, så det må du fikse sjølv!”

mannen måtte tydeleg lage middag sjølv, og klaga sin naud i andre enden, og så kom det :

“Ja, men så får du ei sprek kjerring!”

Det måtte jo få bli med på kjolen, ikkje sant?

 

Test46a

Test46b

Test46c    Test46d

Desse siste er frå min eigen kjole. Teksten er eit Leonardo-sitat som eg har brukt tidlegare. Den “krakelerte” kjøpte eg i Birmingham i haust. Kvadrata er monoprint med ein plexikloss. Alt er trykt på kjøkkenbenken.

I den turkisblå fargen har eg blanda litt puffpaste. Likar effekten.

No går eg og syslar med idear til fleire rammer, for dette var veldig gøy!

lørdag 15. oktober 2011

Stille tider

Ein litt annleis haust enn planlagt.

Av og til tek livet over og styrer heilt andre vegar enn me har tenkt.

Tre korte dagar saman med eit nytt menneske, og brått har ein eit nytt perspektiv på livet, døden og kjærleiken.

Eit tøft lite menneske på førti år og like mange kilo – som kan sei “jeg skal lære norsk” og “jeg vil bli i Norge”.

For fyrste gong i mitt liv snakkar eg heller klårt og tydeleg bokmål enn engelsk når dialekten min blir for sær. Eg veit at det ikkje er viljen det står på.

 

prøvetrykk

 

Ellers har eg sydd to prøveklutar på overlock’en. Det er jo som vanleg mest gøy å dekorere flatene før syarbeidet startar. Testing må til, og det går fint med både rammetrykk og stempel på velour.

Samansyinga gjekk over all forventning. Pent og kjapt gjekk det – og eg kan jo berre bli betre på dette.

mandag 12. september 2011

Husflidens dag

var sist laurdag. Me sette oss på torget, ein gjeng damer, og synte oss fram litt. Spøt var tema i år, og det passa oss jo godt.

Nei, me gløymde heilt å fotografere den dagen. Men eg kom i tankar om at eg har nokre sjal liggande – som kan vere fine å blogge.

Eg er i gang med eit nytt Multnomah-sjal, men det er ikkje mykje å syne fram enno. Opprekk av mohair er lite gøy.

 

I dag har vesparypa vore fotograf istadenfor modell:

Dette vart ferdig i vinter ein gong, og er min fyrste Multnomah.

 

Speilrefleksen var på cross-fotografering, så her er det Powershot-foto. Heilt ok, men ikkje akkurat magiske.

Garnet er Evilla 8/1. Det blir mange sjal av ei hespe.

 

Yndlingssjalet er av same garnet, men ein annan farge. Evelyn Clarke sitt “Flower Basket Shawl” er eit litt meir utfordrande sjal å spøte.

 

I fjor på Lærdalsmarknaden, så stod ei eldre dame bak meg og saumfor sjalet med både auge og fingrar. Eg tok det som eit kompliment.

Er det ikkje fine fargeskift i dette garnet?