lørdag 28. januar 2012

Nedsnøa

Neidå, ikkje bokstaveleg tala. Kanskje hadde det vore betre.

Spøte kan ein gjere liggande – så det passar bra når ryggen kranglar. Halvferdige vottar vart med eitt meir aktuelle.

 

Selbuvott or not1

“Selbuvott or not” vart nesten ferdige – men så mangla eg garn. Stor var gleda då eg fann ut at ein kollega skulle på bytur. Det er ikkje så veldig mange nyansar å velje mellom i Rauma gammelserie, så dette skulle gå fint. Ho fekk med seg nummer slik for å vere sikker.

 

Selbuvott or not2

Du ser det, du også, ja? Sjølvsagt hadde eg valt den brunaste av dei då eg kjøpte garnet sjølv. Nummeret kollegaen fekk med seg, var frå eit fargekart eg fann på nett. Magebandet var jo forlengst vekke.

 

Jaja, seier du – slikt kan jo alle gjere.

Eg skal til by’n i mars, så dette får ligge og modne så lenge. Inga krise.

 

billevottar3

 

Billedilla sit i enno, den – så eg starta på Entomology-vottane i knitalong-boka.

Dei har enklaste sort tomlar, med innstrikka restetråd som du plukkar ut seinare.

 

billevottar2

 

Fyrste votten gjekk raskt og greit, og så var det jo berre å starte på den andre med det same  - så dei vart like.

Og like vart dei – heilt like. To høgrevottar. Phhhh. Jaudå, eg kunne rekt ned igjen – men eg vel å gjere den ferdig. Etterpå blir det to venstrevottar.

- om eg hugsar på det, då -

 

Kanskje er det best å ikkje fortelje kor mange forsøk eg måtte ha på pin-koden min då mobilen hadde lada seg ut her om dagen.

søndag 18. desember 2011

Selskapsveska er trekt!

 

selskapsveska2

 

Assistenten min er på juletrehogst, så dette vart fort og gale med kosteskaft – men altså:

Linveske quilta over det heile med gulltråd, innsydd litt organzarysj i ein ende, litt paintstick i motsatt ende, og med ein kort hank som låser veska over ein lengre hank.

Pent fora med feit sateng. 

 

  Selskapsveske5

 

Assistenten var innom og åt middag, og forsvann ut dørene med treningsklede og solkort.

Eg klarer fint å trekke aleine, eg:

 

Veske trekt

 

Sender du meg adressa di, Gudveig, så kjem det ein pakke i posten til deg.

tirsdag 13. desember 2011

Æsj og hurra på same tid

Æsj fordi etter ni månaders målretta trening (og kosthald), så trudde eg at eg hadde fått ein sterk rygg. Eg tok feil.

Ein tidels sekunds glipp i konsentrasjon under styrketrening forrige søndag, og så er det full rulle igjen: kiropraktor tre gonger i veka, sjukmelding, heimeopplegg med gåtur, øvingar, ising, gåtur, øvingar, ising - - -.

Hurra fordi innsatsen dei siste månadene har gitt normalt blodtrykk, normalt blodsukker, penare holdning og ein storleik mindre i klede. Vesparypa hevdar at eg kler betre å ha berre ei hake, også.

Æsj fordi HAV ikkje blir noko av for min del.

After doing lots og weights and core training the last nine months, I was certain that my back was finally strong. Well, I was wrong.

One tenth of a second my concentration slipped whilst training weights last Sunday, and here we go again: sick leave, chiropractor treatment three times a week, short walks, exercises and lots of ice. Waaaaa!

The good news is that my general health has improved: no more hypotension, and the pre-diabetes condition is gone. I have dropped one size, and have a better posture. My daughter says I look better with just the one chin, too.

I am not entering the Norwegian Quilting Association’s competition themed “Ocean” this February, as I can’t sit much these days.

sjø1

Hurra fordi årsmøteinnkallinga til NQF har kome, og eg har tenkt å sjå alle dei andre sine bidrag i Bergen i mars.

I am attending the annual meeting this March, and am very much looking forwards to seeing the works of those who do enter.

 

Selskapsveske5

Selskapsveske2

Og endeleg:

Hurra for innlegg nummer 100 på bloggen!

Eg feirar med å gi vekk ei veske som er litt som bileta over viser. Kanskje blir det betre foto ein dag også.

Kommenter her eller i ein mail om du har lyst på veske, så trekker eg på søndag.

No må eg ut og gå litt – igjen.

This is my entry number 100. To celebrate, I am doing a giveaway. If you’d like to be in the draw for a handbag looking much like the two photos above, leave me a comment or send me a mail. I may get around to posting a decent photo one of these days. I will be drawing a winner this Sunday.