søndag 15. april 2012

Stripeleik

No driv eg og strikkar tredje versjonen av eit vottemønster – og trur eg er komen i mål.

 

Stripeleiken 2e

 

 

Ferdig stripeleik3

Breidda er endra, tommelaukingane er endra, og mønsteret på handbaken er endra bittelitt sidan denne fyrste utgåva.

 

Har du lyst til å prøve deg, og har strikka vottar før,(red. 18.04.2013) så finn du mønsteret i høgre marg.

 

 Stripeleiken 2f                  

Du brukar Rauma finull eller liknande, og legg opp 56 maskar på pinnar 2,5 i ein kontrastfarge.

Vottane veg under 100 g, så du treng berre ein bunt av kvar farge. Ein liten rest av kontrastfargen er nok.

Strikk 25 omg glattstrikk, ein omg vrangt, ein omgang glattstrikk der du aukar 4m jamt fordelt.

Skift til botnfarge og mønsterfarge, og strikk vidare etter diagrammet. På omgang 28 startar du både aukingar til tommelkilen og mønsteret på handbaken.

Sett dei 13 tommelmaskane på tråd, og legg opp 9 maskar bak dei. Strikk vidare etter diagrammet, og fell etter dette. Sett dei 13 tommelmaskane på ein pinne, plukk opp i dei 9m på baksida, og ta opp 3m i kvar side på tommelen. Strikk i striper her også til passe lang, og fell av som du felte votten.

Vask i maskin på 35 grader, så votten tovar lett. Press, og sy til belegget i kontrastfarge med lause sting på innsida av votten.

Den midterste masken i mønsteret på handbaken er strikka i kontrastgarnet. Endane er feste etterpå. Du gjer som du vil – om du vil strikke inn, sy det inn etterpå, eller hoppe over det. Men det gjer seg  –.

Hugs å flytte tommelen til motsett side på vott nummer to!

 

  Stripeleik2c

mandag 26. mars 2012

Årsmøtehelga i NQF

Det høyrest ganske kjedeleg ut – ikkje sant? Årsmøte er som regel tørre greier der ein kan risikere å bli valt til noko om ein stiller opp.

NQF er noko heilt anna: ei heil helg full av kurs, utstillingar, foredrag, quiltebutikkar, lotteri og ikkje minst: veldig mange quiltedamer. Blide, positive, inspirerande quiltedamer. Det kan nok vere at ein og anna mann også er der – og kanskje også quiltejenter – men stort sett er me vel i kategorien damer. Sjølve årsmøtet tek eit par timar, er heilt frivillig, og kan også vere ganske spennande når dei ulike fløyane går i klinsj.

 

Blå Bergen

 

Eg tok to dagar ferie for å få det meste utav byturen. Ja, for når me her i indre strok snakkar om by’n, så er det ikkje hovudstaden me snakkar om. Det er Bergen som er by’n for oss.

 

Bryggen2

Ny tråd Bergen      Må ha Bergen

 

Ofte når eg går på kurs, så melder eg meg på noko som er litt utanfor komfortsonen. Handsaum er ikkje typisk meg – men kan vere godt å kunne likevel. Ei innføring berre slik for å sjekke om eg er på rett spor, er grei å ha. Litt nye duppedittar vert det jo også på slike kurs. Berre tre stoffbitar vart det denne gongen. Dei vil gli fint inn i handsaumprosjektet eg starta på.

Ny sytråd må testast. Kanskje er den like bra som Aurifil –.

 

Gevinst Bergen

Eg kjøper alltid litt lodd på slike treff. Og jammen vann eg! Boka har eg sikla på på nettet, etter at eg såg dei fine kyrne til Mary Lou Weidman, så dette var midt i blinken. Heldige meg!

Det mest spennande med helga var kanskje quiltebloggerforumet. Eg melde meg på, for dette var eg nysgjerrig på. Eit veldig flott tiltak. Men etter kvart som datoen nærma seg, hadde eg både kalde føter og litt sommarfuglar. Det som starta som ein quilteblogg ser jo ut meir som ein strikke- og fotoblogg for tida. Kanskje er eg ikkje ein “ordentleg” quiltebloggar. Kanskje var det dumt å melde  seg på. Kanskje ville eg bli avslørt som “wannabee quiltebloggar”. Men kor gale kan det eigentleg gå på ein liten halvtime?

Eg angra ikkje  - det var ein super liten halvtime med Merete, Sølvi og ei overraskande stor gruppe damer som visst ikkje var så mykje meir “ordentlege” enn meg. Nokre av dei hadde jo ikkje eingong starta opp enno. Ein ting er sikkert: dette kan bli noko veldig bra, og kanskje kan yngre quiltebloggarar også finne ut at me har eit norsk quilteforbund som er for oss.

Gøy å få vere med på å forme dette vidare.

 

Bryggen1

Bryggen3

Litt fototid med ok lys vart det også. Inspirasjon til noko tekstilt, kanskje.

 

Shopping Bergen

Det som stod øvst på handlelista til denne turen, var slett ikkje quilterelatert, men veldig kjærkome. Skorne er alt tekne i bruk. Toppen var meir som snop å rekne.

Takk for ei fin helg, alle som var der. Eg har fått masse inspirasjon til meir quilting.

onsdag 29. februar 2012

Nytt leiketøy

Midt på åttitalet ein gong reiste ei ung dame med skipssekk og pågangsmot ut i den store verda med ein draum om å bli designer.

Det vart ho – iallefall fekk ho eit papir som sa ho var det.

 

Stripeleik1

 

Dataalderen var på tur inn. Det siste semesteret fekk ho lov til å ta ut heile to fargeutskrifter av eit vevdiagram til opgåva ho skulle levere. Pc’en var sjølvsagt universitetet sin, og ein assistent måtte trykke på knappane for henne. Dei var veldig redde for utstyret sitt på det universitetet, og slapp ikkje kven som helst til med så avanserte greier.

Dette fakultetet hadde si eiga vesle kopieringssjappe der studentane kunne få mangfoldiggjort det dei hadde bruk for i arbeidet med å utvikle sitt eige uttrykk til noko industrien kunne mangfoldiggjere til slutt. Denne var også assisstentstyrt, med knappe opningstider, og utan dei store rabattane. Køane var til tider lange, og den unge dama (alias “the one with the rucksack”) ynskte mang ein gong at ho hadde teke med seg eit spøt i denne køen.

Tenk for ei annleis verd me har fått dei siste åra!

 

Stripeleik2

 

Fredag kjøpte eg eit lite leiketøy over nettet, lasta det ned til pc’en, og var klar til å leike med det same.

Eg nemnde dette leiketøyet til ein (nett)kjenning frå den store spøteleikeplassen Ravelry, og ho tilbaud seg å leike med.

 

Stripeleik3

 

No sit me på kvar vår tue og testar ut det fyrste strikkedesignet mitt på veldig mange år. Me oppdaterer kvarandre etter kvart som ting dukkar opp, og eg legg inn endringane her.

Når alle flokar er greidde ut, alle feil retta, og alt er greit og forståeleg for kven som helst som kan spøte, så kan det bli noko som fleire får del i.

Eg kan jo alltids gjere noko anna for betaling nokre dagar i veka – til dømes stable flasker – så kan eg leike vidare når eg kjem heim.

Er det rart eg er heimekjær?