- passar fint til leik med ord. Kloke ord. Gode ord. Motvekt.
Takk for tipset, Ellen.
No driv eg og strikkar tredje versjonen av eit vottemønster – og trur eg er komen i mål.
Breidda er endra, tommelaukingane er endra, og mønsteret på handbaken er endra bittelitt sidan denne fyrste utgåva.
Har du lyst til å prøve deg, og har strikka vottar før,(red. 18.04.2013) så finn du mønsteret i høgre marg.
Du brukar Rauma finull eller liknande, og legg opp 56 maskar på pinnar 2,5 i ein kontrastfarge.
Vottane veg under 100 g, så du treng berre ein bunt av kvar farge. Ein liten rest av kontrastfargen er nok.
Strikk 25 omg glattstrikk, ein omg vrangt, ein omgang glattstrikk der du aukar 4m jamt fordelt.
Skift til botnfarge og mønsterfarge, og strikk vidare etter diagrammet. På omgang 28 startar du både aukingar til tommelkilen og mønsteret på handbaken.
Sett dei 13 tommelmaskane på tråd, og legg opp 9 maskar bak dei. Strikk vidare etter diagrammet, og fell etter dette. Sett dei 13 tommelmaskane på ein pinne, plukk opp i dei 9m på baksida, og ta opp 3m i kvar side på tommelen. Strikk i striper her også til passe lang, og fell av som du felte votten.
Vask i maskin på 35 grader, så votten tovar lett. Press, og sy til belegget i kontrastfarge med lause sting på innsida av votten.
Den midterste masken i mønsteret på handbaken er strikka i kontrastgarnet. Endane er feste etterpå. Du gjer som du vil – om du vil strikke inn, sy det inn etterpå, eller hoppe over det. Men det gjer seg –.
Hugs å flytte tommelen til motsett side på vott nummer to!
Det høyrest ganske kjedeleg ut – ikkje sant? Årsmøte er som regel tørre greier der ein kan risikere å bli valt til noko om ein stiller opp.
NQF er noko heilt anna: ei heil helg full av kurs, utstillingar, foredrag, quiltebutikkar, lotteri og ikkje minst: veldig mange quiltedamer. Blide, positive, inspirerande quiltedamer. Det kan nok vere at ein og anna mann også er der – og kanskje også quiltejenter – men stort sett er me vel i kategorien damer. Sjølve årsmøtet tek eit par timar, er heilt frivillig, og kan også vere ganske spennande når dei ulike fløyane går i klinsj.
Eg tok to dagar ferie for å få det meste utav byturen. Ja, for når me her i indre strok snakkar om by’n, så er det ikkje hovudstaden me snakkar om. Det er Bergen som er by’n for oss.
Ofte når eg går på kurs, så melder eg meg på noko som er litt utanfor komfortsonen. Handsaum er ikkje typisk meg – men kan vere godt å kunne likevel. Ei innføring berre slik for å sjekke om eg er på rett spor, er grei å ha. Litt nye duppedittar vert det jo også på slike kurs. Berre tre stoffbitar vart det denne gongen. Dei vil gli fint inn i handsaumprosjektet eg starta på.
Ny sytråd må testast. Kanskje er den like bra som Aurifil –.
Eg kjøper alltid litt lodd på slike treff. Og jammen vann eg! Boka har eg sikla på på nettet, etter at eg såg dei fine kyrne til Mary Lou Weidman, så dette var midt i blinken. Heldige meg!
Det mest spennande med helga var kanskje quiltebloggerforumet. Eg melde meg på, for dette var eg nysgjerrig på. Eit veldig flott tiltak. Men etter kvart som datoen nærma seg, hadde eg både kalde føter og litt sommarfuglar. Det som starta som ein quilteblogg ser jo ut meir som ein strikke- og fotoblogg for tida. Kanskje er eg ikkje ein “ordentleg” quiltebloggar. Kanskje var det dumt å melde seg på. Kanskje ville eg bli avslørt som “wannabee quiltebloggar”. Men kor gale kan det eigentleg gå på ein liten halvtime?
Eg angra ikkje - det var ein super liten halvtime med Merete, Sølvi og ei overraskande stor gruppe damer som visst ikkje var så mykje meir “ordentlege” enn meg. Nokre av dei hadde jo ikkje eingong starta opp enno. Ein ting er sikkert: dette kan bli noko veldig bra, og kanskje kan yngre quiltebloggarar også finne ut at me har eit norsk quilteforbund som er for oss.
Gøy å få vere med på å forme dette vidare.
Litt fototid med ok lys vart det også. Inspirasjon til noko tekstilt, kanskje.
Det som stod øvst på handlelista til denne turen, var slett ikkje quilterelatert, men veldig kjærkome. Skorne er alt tekne i bruk. Toppen var meir som snop å rekne.
Takk for ei fin helg, alle som var der. Eg har fått masse inspirasjon til meir quilting.